Om meg

Alder: 32

Klubb: Nesset CK på sykkel og Romsdal Rando på randonee

Høyde: 158

Vekt: 58

Eg starta livet på Nesjestranda i 1985. Og det er heimplassen min. Men fordi eg har flytta litt i barneåra, og har masse slekt på Sunndalen, så tykkjer eg at både Nesjestranda og Sunndalen er heime. Når sant skal seiast så kan eg vel innlemme alt imellom og.

Frå hausten 2011 har eg satsa på sykling. Før den tid var det ski i nedoverbakke og allsidig aktivitet som var hovedsaken for meg. Det har bestandig vore viktig for meg å være ute, bruke kroppen og utvikle meg. Eg konkurerte sporadisk og spontant i fjelltelemark, frikjøring og enkelte sykkelritt.

Vinteren 2013 tenkte eg at eg måtte trene motoren meir vinterstid . Derfor anskaffa eg meg eit par lette randoski for å trene og konkurere . No er eg altså på randoneelandslaget, og har derfor to konkuransesesongar. Treningsmessig vil eg seie at randonee og sykling går saman som hånd i hanske.

Eg er utdanna idrettslærar og personleg trenar, men sidan eg satsar er eg stort sett ringevikar, i tillegg til enkeltoppdrag på forskjellige frontar innan idrett.

Bildegalleri