Offseason, on track!

with Ingen kommentarer

Da har sykkelsesongen og komme til vegs ende. For ein god månad sidan. Det har vel vore min til no beste sesong, men ikkje udelt bra. Nesten alt kan fortsatt bli bedre. I sekken med minne frå årets sesong legg eg NM tittelen og 5. plassen i topplokket, og prøver å trykke dei to matforgiftingane/ magesjukene heilt nederst. Den siste fekk eg ta med med meg frå Frankrike. Eller, sett i etterpåklokskapens lys, så var den kanskje med nedover og. Men det var likevel på høgde med det beste/verste frå utlandet. Forhåpentlegvis er det muligheter for å kartlegge kva det er min sarte mage ikkje klarer å fordøye, slik at framtidas utanlandsopphold blir litt meir behagelege. Ellers så har august vore marginalt sur, med 2. plass i Både grenserittet og vasan. Når det tek eit kvarter å avgjere kven som vinn på grenserittet, seier det seg sjølv at marginane er små, men dog, rett ska være rett. Noko det ikkje blei på vasan. Nok ein gong bestemte Mann (45) at det var viktigare at han blei nummer 98 framfor 99, enn at eg fekk ein fair sjans på seier. No er det jo eingong slik at eg stort sett skjær alle over ein kam, og Mann (45): Gjer dugnad til di greie istaden.

Jada, eg veit det er akkurat denne sorten som gjer at sykkelbransjen går så bra at eg kan (over)leve av dette, men eg blir jo sur likevel. Den seiern kosta meg trass alt ein del komande treningstimar, i form av at tapt inntekt på sykkel=lærarinne Hovdenak må trø til, i komunal tjeneste. Neida, eg er ikkje sikker på om eg ville vunne uansett, men eg ser helst at eg får finne det ut på ein anna måte neste gong.

No prøver eg heilhjerta å være aldeles offseason. Dvs. selge syklar, være litt lærar, prøve meg som regnskapsførar, utsette reiserekningar litt lenger. Utsette blogging litt lenger, utsette sykkelvasken frå birken litt lenger… Sånn kort oppsummert har eg eigentleg utsett det meste som er viktig og hastar, og stukke til fjells. Uheldigvis har eg mobil som virkar, iallefall litt, slik at eg får teke med med mail stort sett overalt. Heldigvis har eg ofte dårleg signal, men ikkje ofte nok. Trass i alle desse mailane som eg lagrar sånn omtrent i midta av hjernebarken, slik at eg kan la det øydelegge stort sett ein liten fjerdedel av kvar dag, har eg hatt mange fine turar, i det som må betegnast som ein utruleg bra haust. Ikkje minst har eg feira mine vel overståtte 30 år her i verden. Noko eg forøvrig vil anbefale alle.

Eg tykkjer ikkje eigentleg at skisesongen bankar spesielt hard på døra enda, og foreløbig tek eg det med knusande ro at det ikkje snør. Når sant skal seiast er eg klar for eit par veker til med gule blad og tørre stiar på fjellet. Mulig det til og med kunne vore nyttig med ein regnværsdag, for det blir ikkje akkurat lettare å gjere innearbeid med dette været. Ikkje fordi det ligg lett for meg på regnværsdagar altså, men ein kan jo lure seg sjølv til å tru det, så lenge været er fint..

Akkurat no er det iallefall kaffi og kart-sesong. Og akkurat no føles det som favoritten. Udelt.

 

Leave a Reply