VM-oppkjøring med litt vel effektiv slankekur

with Ingen kommentarer

Været i Dolomittene,er ikkje ulikt været i Livigno. Som ein relativt kald Norsk sommar, dog ingen dagar med berre regn, sidan skyene har ein tendens til å sette seg fast fjella. Men eg kjem heim bleikare enn eg reiste, det er heilt sikkert.

Løypa er i mine auge heilt sjuk. 3400hm fordelt på 60 km. I løpet av søndag og mandag har eg komme gjennom heile, i den grad det er mogleg, då dei ikkje akkurat har overdreve skiltinga. Når ein del av skilta i tillegg er på halv 12, så er det ikkje heilt enkelt å forstå. Det er omtrent 500 meter med flate på heile rittet, og det er ikkje ein overdrivelse eingong. Fleire av nedkjøringane er dei samme som det kjøyrast endurokonkuranse i på søndag. Fjellet her er laust, og både stiar og grusvegar er litt som å sykle i eit ballbasseng. Måtte ned å «smake på grusen» som det heiter. Det smakte ikkje godt. Løypa kunne truleg ikkje passa meg noko særleg dårlegare. Jada, eg veit alt det der om å tenke positivt, og «I`m on it», men det er vel ikkje forbudt å være realist heller. At det blir god trening er det iallefall liten tvil om, og eg kjem uansett til å få ei ny erfaring.

I dag har dagen gått med til å kvitte seg med gårsdagens middag. Satsar på at ei matforgifting gjer underverk med vekta. Etter ein dusj, eitt bad og ein dusj og ein spasertur begynner eg å følge meg litt bedre. Satsar på at potetgull og kulltabletter til frukost, tørre knekkebrød til middag og store mengder kokt vatn gjer meg istand til morgondagen. Det fine er jo at eg har hatt relativt god tid til å lese korrektur på lillesøster sin master idag. Gunn-Rita med familie kom igår, sidan eg er av den sosiale sorten, tykte eg det var litt ekstra surt å druse på med matforgifting når det endeleg kom nokon eg kunne sosialisere med.

Sykkelmessig, og treningsmessig forøvrig vil eg på det sterkaste anbefale Livigno. Og Val Gardena. Her har dei brukt store ressursar på å lage og merke stiar, og ikkje minst tilpasse grinder, så kyr, esel, bønder, hestar, geiter, sauar, syklistar og fotturistar kan leve i harmoni med kvarandre. Vi har fine stiar i Norge og, men vi har framleis ein del å hente. Kanskje aller mest på den parten der vi blir uvenner, fordi nokon andre vil bruke den stien, som allemannsretten, som vi er så heldige å ha, seier at alle skal få bruke. I mine auge er det få tiltak som er så effektive for folkehelsa, som å ha gode stiar. Trass i all den skog, myr, utmark og kratt vi har til disposisjon, så er det tidvis ulideleg vanskeleg å etablere nye stiar i landet vårt, eller oppruste gamle, om det så berre er snakk om ei ny klopp. Vi som er så stolte av naturen og dugnadsånden i Noreg, burde gjerne gått nokon rundar med oss sjølv, og dobbeltsjekka om det fortsatt er tilfellet. Vi er gjerne verdas beste land på nesten alt, og eg er heimkjær som få, og har vel aldri reist utanlands, utan å glede meg til å komme heim att. Men kanskje er det det faktum at vi har det så utruleg godt, som gjer at vi klarer å lage problem ut av noko som i prinsippet vil gagne alle.

 

Leave a Reply