Ei skikkeleg terrengsykkel¤/??e

with Ingen kommentarer

Sist eg slapp tråden her satt eg på pikerommet til storesøster Sæter og hasteskreiv, for å bli ferdig til middagen blei servert. Det er nesten flaut å skrive om, for eg følte meg som ein gjøk i eit svanereir, eller noko i den dur. Eg har hatt eit forsett om å bli ein del høflegare, men det ligg visst litt tungt for meg. End of chapter.

Laurdagen bar det iallefall avgarde på montebellorittet, eg var trøtt som ei skurefille, men det gjekk jo bra likevel, og eg vann. Sannsynlegvis grunna ypperleg traktement. Etter ein guida tur med brødrene Sæter på søndag, sette eg meg i bilen og rasa avgarde oppover att. Som vanleg omkapp med gpsen, og som vanleg gjekk eg sigrande, ut av Subaruen, vel heime og godt nøgd.

Torsdag var det på tide suse austover att, denne gongen for Terrengsykkelrittet. Som så mange gonger tidlegare overnatta eg på Vålerenga, hos min gode venninde, støttespelar og sjølutnevnte manager: Gunhild Brubæk. Og hennar forfattarspiresambuar: Peder Inge Knutsen Samdal. Merk dykk navnet. Begge.  På veg ned var eg så heldig å få skvist meg inn på ein sykkeltilpasning hos Aktivklinikken på Lillehammer, noko eg tykte var vel verdt innsatsen. Mykje å endre på, og mykje eg ikkje hadde tenkt på sjølv.

Fredag fekk eg prøvd meg litt østmarka, og skjønte at eg var litt dårleg skodd for den gjørme»festen» det skulle komme til å bli. Litt hastverksringing til Ståle på vpg først, før eg tok bilen fatt, for å i kjent stil fikse det ufiksa, tettast mogleg på rittet. Takk til Deler.no for litt hasteomsorg.

Det ante meg at det kom til å bli mykje springing, og for å gjere dette best mogleg ville vi lakke naglane. Slik ein kvar god løpar gjer, muligens enkelte syklistar og.  Løpsdagen opprant, med stort så mykje regn som austlandet klarte å oppdrive. Vi fekk parkert bilen, og starta siste finpuss. Like etter, kom ein snakkesalig kjenning frå Trysil, og stilte seg ved sida av oss. I min villfarelse tenkte eg at, sidan det finst folk som stel bilar i Oslo, ville det være smart å legge nøkkelen på bilen hans, istaden for min. Og etter forsikringar om at han kom til å hugse på det, gjekk eg for denne mildt sagt idiotiske løsninga, i den tru at det ville være det enklaste for meg, og mine kumpaner, å ha tilgang til bilen utan å ha tilgang til kvarandre.

Terrengsykkelrittet-løpet blei vel så bløtt som eg hadde trudd, og utan overdrivelsar hadde det gått raskare å sette att sykkelen på start for min del. Etter 5 minutt starta eg med å stange hovudet i ei relativt hard bjørk, og sprakk med det hjelmen. Rittets mest behagelege tryn. Tidvis ein velsignelse å være såpass tjukk i skallen. Etter to små feilkjøringar og to mil hadde alle kroppsdeler vore først i bakken minst ein gong, og i rittets sannsynlegvis enklaste nedkjøring sette eg fart, og trudde det skulle gå bra. Noko det ikkje gjorde. Hadde glemt kor langsomt tida går, når ein ikkje får til å trekke pusten. Med ei rimeleg forslått hofte, og eit kraftig hematom ovanfor,var det berre å fortsette resten av rittet i låg sone 2. Eg halta og sprang, og sykla og bantes. For å vinne terrengsykkelrittet var eg overbevist om at det ville være elementært å halde humøret oppe, og det følte eg at eg fekk til, trass i ein del unødvendig stygg språkbruk, med haugevis av dårlege ordspel og vitsing til div. løypevakter, tilskuarar og fotografar. Vel framme og i dusjen var eg glad eg ikkje hadde sett kor dårleg det faktisk stod til, og no to veker etter er minna synlege på kroppen, meir enn kva eg kan erindre. Like greitt.

Ferdigdusja slepte eg meg bortover mot bilen, med sykkelen i den eine handa, og ein søppelpose full av gjørme og litt bekledning. Eg la tidleg merke til at doningen til SkravleKaspar var vekk. Med bange anelsar førte eg handa over alle hjula, og innsåg etter ein kikk over parkeringa at nøklane var for alltid tapt. Glad for å få auge på ein plommeraud Toyota og det lyse hovudet til Lars Granberg, og enda gladare for at han kunne kjøre meg tilbake til Vålerenga, der eg kunne bruke kvelden på å slikke mine sår, og finne ei løysning på nøkkelproblematikken. For å gjere ei lang historie litt mindre lang, fekk eg, ad kompliserte omvegar ekstranøkkel nedover søndagskveld, og kunne stille rimeleg sliten på jobb mandag.

No har eg vore ei lita veke i Livigno og har att ei lita ei til, før avreise Val Gardena, kor VM foregår. Ei løype, som om rykta stemmer har latterlege bratte stigningar. 3400 hm, samla på 60 km. Skulle passe meg sånn passe dårleg. Velvel. Eg skal trø eg. Skal ikkje stå på det.

 

 

Leave a Reply