Flygande start på sesongen

with Ingen kommentarer

 

Sykkelsesongen er no i god gang, og det har til no gått nokså bra. Med to sigrar i Norge, og ein 5. plass i EM, 9 sekund bak 1. plassen. Turen til Tyskland gjekk relativt smertefritt, til meg å være. Sett i eit historisk perspektiv har det aldri gått meir smertefritt for meg og Mor. Frøken Holen starta sjølvsagt turen med ein del væske i veska, og måtte kroppsvisiterast og tømme veska (ingen liten jobb) på Molde flyplass, men utanom det var det lite å utsette på hverken fly eller biltur nedover.

Neste post på programmet var å skaffe langarar. Eg har vore så heldig å kjøyre det rittet før, og har vorte litt kjend med nokon ansatte i ein sportsbutikk, og etter ein liten tryglerunde der, kunne dei hjelpe både med litt skruing, og langing. Når ein i tillegg er så heldig å møte ei som er omtrent like godt forbredt som meg sjølv, med ein far, så var det langarar på alle tre plassar. Godt og vel ein halv time før start var det klart korleis langinga skulle fordelast.

Eg var sjølvsagt ekstremt usikker på korleis det skulle gå, med eit så sterkt felt, som det tross alt var. Eg datt dessverre av tetgruppa etter nokon få km. i ein bakke, sjølvsagt. Eg måtte kjøre ein par mil aleine, men blei heldigvis teke att av to, som eg kjøyrde med i nokon km. Då eg på 2. runde tok att teten i første stigning, blei eg først og fremst forundra, men eg tok godt imot sjansen sjølvsagt, og klamra meg fast så godt eg kunne. Det gjekk rimeleg greitt lenge, men i rittets lengste stigning måtte eg sleppe igjen. Heldigvis ilag med to til. Utruleg nok tok vi att tetgruppa ein gong til, også denne gongen i ein motbakke. Derifrå var det eigentleg å bite seg fast så godt det lot seg gjere. I ein knekkar nokre km. før mål fekk 3 ei lita luke, og med litt vel mange amatørsyklistar i løypa, var det meir krevande en nødvendig å tette luka. Eg kjende jo slutten på løypa frå ifjor, med sine svingar og bruer, men klarte dessværre ikkje posisjonere meg godt nok til ei bedre plassering. Men eg kan ikkje seie eg er misfornøyd heller, med å komme i mål som nummer 5, på årets 2. ritt. når det er snakk om eit EM.

Plasseringa blei feira med vin og vatn på garden eg har budd dei tre åra eg har sykla rittet. Ilag med Beatrice und die Opa. Samtalen gjekk friskt på gebrokkent Tysk for vår del, nokså flytande for dei to andre.

Med min pollen og aircondition allergi, fekk eg sjølvsagt med meg ein forkjølelse heim til Fattern på Skåla. Derfor blei det nokon rolege dagar før Frænarittet, som gjekk av stabelen på Kristi himmelfartsdag. Freningane er gode til å arrangere ritt, trass både låge tempraturar og hagl, og det blei som vanleg eit kjemperitt, utan dei store nedbørsmengdene. Med ein fin siger i lomma, sette vi kursen mot Trollstigen, på nanoferietur. Med bobil og campingvogn vart det ein riktig fin taterleir. Så å seie alt som kunne krype og gå med ski på beina var på trollstigen denne dagen, og 85% av desse valde seg Alnestind. Og det og såg fint ut på avstand.

Som den gode Norddama eg er har eg sjølvsagt, som så mange andre feira 17. mai, til det fulle. Og med Skåla IL i borgartoget, marsjerte på meg hammarn, ilag med min allierte og eminente 17. mai entusiast: Gunhild Brubæk.

I skrivande stund sit eg i gruvebyen Kongsberg, og prøvar å nirestituere ein relativt trøtt kropp til morgondagens NorgesCup, montebellorittet. Time will show, korleis det går.

 

 

 

Leave a Reply