Akkurat slik

with Ingen kommentarer

Mange har fått med seg at eg var med på ei skredredning i Øksendalen 3.4. Skredet gjekk omtrent i Brandstadskaret, på veg opp på Henrikbotnnebba. Det har vore skreve litt om det, og noko stemmer rimeleg godt, mens noko er nokså misvisande. Men om nokon skal lære av det, så er stort sett harde fakta som er greia.

Eg starta turen på Brandstad 9.55 og sette kurs oppover «normalvegen». Eg har ein avtale med Line Marie om at ho skal starte frå Brandstad kl.11.30, og skal berre ha meg ein liten tur før vi treffast. Omtrent på tregrensa passerer eg to karar. Dei seier at dei skal på Henrikbotnnebba, og eg seier at eg vurderer det samme om ikkje sikta brått skulle bli bedre. Mitt spor går lenge samme veg som sommarstien over Brandstadskaret oppover, men etterkvart litt til venstre for stien, på og ved sida av eit tåblese steinparti. Steinpartiet ligg til venstre i dette bildet, som er teke dagen etter. Sporet mitt går såvidt på innsida av «ryggen» og delvis på. På steinpartiet er det omtrent betong. Men det blir kjapt meir snø inn i sida, og på fleir av vendingane tenkte eg på veg opp at «Faen, no har eg teke eitt eller to steg for mykje inn i henget før eg snur» På grunn av desse tankane blei det mange vendingar. Eg kunne sjølvsagt teke skia på sekken og gått opp steinpartiet, men det gjorde eg altså ikkje.  11106337_10153793153505110_221236135_nNår eg er over steinpartiet skrår eg over mot høgre, for å følge neste rygg i horisonten. Eg snur meg no og da, for å sjå om det har komme fleir bilar på parkeringa. Eg ser at dei to fortsatt er bak meg, og at ei større gruppe har komme opp lia. Eg er på tur ilag med han de kan sjå på bildet under. Bildet er teke nokre få minutt før eg snudde. På akkurat 1200 moh høyrer eg at det blir ropt. Eg er eit godt stykke høgare enn dei to bak meg. VIRB Picture Litt over 200 hm har eg funne ut i etterkant. Det er litt vanskeleg å høyre, men eg tolkar ropinga som «Ras». Eg snur meg, og kan når eg anstrenger meg litt, sjå at det er skredsnø der nede, og berre ein person. Eg snur meg, for å kunne sjå nedover samtidig som eg snur. Mens eg riv av første fella så tenker eg at eg skulle hatt fellene på, for å evt. gå opp att. Slår tanken ifrå meg. Eg må uansett finne han på veg ned. Og om det skulle løyse ut meir vil eg heller kjøre ut. VIRB Picture

Bildet over er dessverre det einaste oversiktsbildet eg har av skredet. Det er teke med vidvinkel, så det seier lite om størrelse og bratthet for folk som ikkje er kjent og ser kor det er. Eg har snudd nesten på toppen av ryggen som såvidt synast i horisonten av bildet, og skrår mot høgre sett nedafrå. Det er det einaste eg kan sjå av raset, når eg kjem nærare kan eg og sjå kor det har løyst ut oppe til høgre. Rett før eg passerer på undersida av dei to-tre steinane på toppen av henget rekk eg å tenke at eg skulle traversert litt lenger inn, i tilfelle. Før eg ser at stort sett alt som kan rase i det henget, har reist nedover sida. Omlag 20 meter før eg kjem til øvre høgre ytterkant ropar eg ned til kompisen «Har du funn?» Eg får svaret «Hanj e her en plass..» Eg tolkar det som at det ikkje er nokon konkrete funn. Eg kan ikkje umiddebart sjå noko i overflata frå der eg står.

Så å seie alt til høgre for meg (skikjørers) er heilt slett, det kan ikkje ligge folk der. Eg starter søket med min søkar, og må berre gå ut ifrå at begge har det dei skal av utstyr, og at kompisen har begynt sitt søk. Eg får inn signal frå ein S/M. Eg kjører sakte i venste (skikjørers) kant av raset, i tilfellet han skulle ligge der, sjølv om det sjølvsagt er mest sannsynleg at han skal ligge i det nederste partiet. Dess lenger ned i raset eg kjem, dess kortare er avstanden. Eg beveger meg inn mot midta av raset. Når eg har omtrent 15 meter att, søker eg vannrett mot høgre (skikjørers) . Eg er litt usikker, men meinar at det er rundt 5, max 10 meter ned til nedre kant av raset. Det næraste eg kjem er 1,6-1,4 meter unna. Eg tek eit kjapt overblikk, mens eg kvir meg på å opp med søkestanga, som eg plutselig blir usikker på om eg skal få saman på kort nok tid. Idet eg skal kaste av meg sekken ser eg eit heilt rundt hol i snøen, ca 20 cm. diameter. Nede i holet, ca 20 cm under overflata ser eg ei hånd utan vott, og litt grønt frå dressen til den tatte. «HAN E JO HER FOR FAEN». Kompisen kjem kjapt til, og har spaden klar, eg får fram min. Låsemekanismen på skaftet dett litt inn i spaden, slik at eg ikkje får låst skaftet. Det kjem til å ta ti sekund å fikse det, og eg går for å skuffe unna med bladet. Snøen er lett, og ansiktet kan ikkje være så forbanna langt unna hånda. Kompisen min, Ailo, har lagt seg ned rett ved, eg kunne ønske han kunne grave litt han og. Eg veit at det er ein av hans favoritt-ting å gjere, men no har han altså fatta alvoret, og grev ikkje etter folk på samme måte som han grev etter mus under snøen.

I følge mine beregningar har det teke omlag 11 min. frå eg høyrde roping, til den skredtatte har fått frie luftvegar. Dette er basert på mi gps og pulsklokke.Dette er altså ikkje heilt nøyaktig, men etter 11 min. har iallefall min puls vorte såpass låg at det er grunn til å tru at eg ikkje grev for full maskin lenger. Den skredtatte blir gravd opp på 993 moh. Den store gruppa eg har sett tidlegare har satt seg i bevegelse, og to av dei har komme lenger enn dei andre. Eg har sett dei i korte øyeblikk, og avskreve dei som jibbarar, basert på bekledning. Når vi har fått frie luftvegar på den skredtatte ser eg litt nærare på dei som kjem oppover, og dei kjem i det eg kun kan betegne som «eit helvetes t driv». Det viser seg at det er aktive og avdanka langrennsløparar, som har varsla 112. Før ein større redningsaksjon blir sett igang får nokon ringt å avblåst.

VIRB Picture Den skredtatt er ved bevissthet, men har ikkje lue og vottar, og begynner å bli kald. Han får kjapt på seg tørr trøye, hjelm og hanskar. Bildet over er dei av dei to kompisane, som muligens ikkje heilt har skjønt kva som nettopp har skjedd enda. Glade og førnøyde over å være i live. Vi blir ståande å snakke, men vil kjøre ned til skoggrensa for å snakke meir med dei andre i det andre følget og, i tillegg til å forflytte oss frå skredet.

Eg har gravd ned skia mine, heldigvis går det greitt å finne dei att. Vi blir ståande ei stund i skoggrensa å snakke. Det viser seg at dei to kompisane har tykt at det var for mange vendingar i mitt spor, og bestemt seg for å krysse henget, over på andre sida, for å gå eit anna spor der. Flatt lys har gjort at dei ikkje var istand til å bedømme brattheten. Heldigvis har dei kryssa med avstand, og skredet går etter at andremann har gått nokre få steg. 11158969_10153793150790110_1672614014_oBildet er av skredtatte, og er teke kort tid før skredet går.

Line Marie kjem oppover lia, og eg gjer meg klar til å snu.Litt usikker på korleis eg skal uttrykke meg, får eg sagt kva som har skjedd. Med tanke på kva som skjedde i fjor er påska allerede nokså spesiell.

Om det er rart å fortsette turen etter dette veit eg ikkje. Kanskje. Det gjekk jo bra. Vi fekk oss iallefall ein fin tur, på ein fin dag.

No er det jo slik at det er dette som er mitt liv. Det er desse fjella, på godt, og på vondt. Eg har teke stilling til kva eg syns det er verdt å få ferdast her. Men alle turar må vurderast individuelt. Både med tanke på kven ein går med, og forholda i fjellet. For sjølv om det er nokon risikoar eg er villig til å ta, så vil eg ikkje ta dei utan å vurdere kva som kan skje når eg tek dei. I løpet av eit liv så kjem eg, og mange av mine venner til å være eksponert for denne faren uendeleg mykje meir enn det ein kan kalle «folk flest».    Eg meiner at folk kan få ferdast slik dei vil, men for å gjere det, må du faktisk være klar over når du «grisekjører», sagt på rånarspråket (?!) Og du må vite når du grisegår. Og om dei du fer ilag med har like lyst til det som deg. Eit ekte skred, er i utgangspunktet ikkje ein læringsarena før etterpå. Det er ikkje her du skal finne ut at søkestanga di er knekt, at du har glemt skaftet på spaden, eller at du berre har 10% batteri på søkaren. Eller at du ikkje er heilt sikker på korleis du skal bruke akkurat din søkar. Det er ditt ansvar for dei du går med, at du har kontroll på alt dette. Ikkje berre kontroll, men forbanna god kontroll og. Du skal kunne språket. Og viss du ikkje kan språket, er det di plikt å seie frå om det. For den gongen det går gale, kan du banne på at du kjem til å vege sekunda på gullvekt etterpå. Resten av livet.

Uansett korleis han kjem, så er ikkje døden nokon forhandlingspartner.

VIRB Picture

 

Leave a Reply