Påskeliknande tilstand

with Ingen kommentarer

 

Forrige veke var uovertruffen når det gjeld vær. Sol frå ende til anna, og det langt inn i noværande veke.

For meg betyr det mykje helsetrøyebringande arbeid. Solpåvirka snø har vore oppskrifta på gode nedkjøringar, og varme oppstigingar. Helga blei brukt i Øksendalen, der eg fekk meg gode 5000 hm. med ski av den breie varianten. Det må nevnast at eg har møtt mine overmenn når det gjeld å starte tidleg (vi snakkar på Norsk jord). For når eg vurderte å droppe mitt eige forslag med start 7.30, for å ikkje skremme mine to turkompisar på vår første tur som trekløver, ville altså desse karane starte 6.00. Løysinga blei at eg gjekk etter, med ei forventa, men uplanlagt forsinking, altså start 7.55. Det fine med å komme etter i dette tilfellet var sjølvsagt å få opptråkka spor på «skipåsekk-etappen» opp til Trondskjortetind. Ruta var som følger: Brandstad-Fløtatind-Ljøsåbotn-Trondskjortetind-Ljøsåbotn-Litjskjortå-Ljøsabotn-Brandstadskaret-Brandstad. Turen har ein samla verdi på omlag 3000 hm. og er vel verdt kaloriane det kostar.

Eg meiner at fullstendig lykke berre kjem i drypp og bruddstykker. Og for min del blei det mange drypp og bruddstykker med lykke i løpet av forrige veke. Eg seier ikkje at det ikkje går an å være mykje lykkeleg. Det handlar berre om å få desse dryppa og bruddstykka til å komme ofte, og om å ta det skikkeleg innover deg når ein er i «lykkelege omstendigheter». Eg er av typen som ikkje får nok når noko er godt, bra eller flott. Eg stoppar ikkje å drikke smoothie før eg er kvalm, og. Eg går ikkje frå dansegolvet mens dei fortsatt spelar «another one bites the dust». Eg sluttar ikkje å surfe (evt. bade) så lenge eg evnar å ha hovudet over vatnet no og da.

Og eg ender ikkje skituren mens været og føret er godt. Som regel har eg plana klar etter endt nedkjøring. Plana for korleis eg skal lure følget til meir, meir av det gode. Eg listar og lemper og legg fram planene slik at eg trur dei fell i god jord. Eg prøver å lodde stemninga, må eg være blid, streng eller berre ta resten av turen aleine? Eg deler ut energibarar på det eg trur eg riktig tidspunkt, og tråkkar gjerne opp sporet.

Heilt til eg kjem opp til der det er for hardt til å gå på ski. Fremst. Eg lurer av meg skia, fester dei på sekken. Jaja, her blir det ein etappe på føtene. Litt dumt at eg ikkje har teke med meg eitt par stegjern. Eg har sjølvsagt to par, som no ligg heime og kviler. Ikkje sååå hardt enda, men det blir hardare. Eg blir bittelitt redd, som regel. Veit at eg ikkje er noko særleg til å gå på føtene, og aller verst er det å traversere. Forbannar karane bak meg, som med sine lange bein er mykje betre stilt til å tråkke spor. Faen og, kvifor tok eg ikkje med dei stegjerna?! Eg freser og hakkar meg oppover, druser føtene rett inn i skaren foran meg, det er fullstendig uaktuelt å stoppe, eller snu på noko som helst vis. Men så kjem eg på; det er jo eg som har trumfa gjennom denne plana… ro deg ned.. kan du gå sidelengs? Ja, faktisk nokså behagelig og. Snart er det berre den minimale skavlen på toppen som skal forserast. Eg lurer meg opp. Utsikt, utover det aller finaste eg veit. Fjord og fjell, og snø. Herregud, går det an å få det finare? NIX. Alt som rasa gjennom hovudet for få minutt sidan er gløymt. Kven av dei to nedkjøringsalternativa skal vi ta? Her gjeld det å være overbevisande. Nyyyyyydeleg nedkjøring, jajaja, eg har kjørt her før!! Vi gjer det no!

Og det blir vellykka. Alle smiler. Skal vi opp att? No er det jo spor her og alt…

Scenarioet beskreve ovanfor, er IKKJE henta frå forrige veke. Eg har ikkje lista og lempa, eller delt ut energibarer. Det er ein heilt fantastisk bonus. Planene har falt i god jord, nesten før eg har snakka ferdig, og liknande planer har vorte lansert. Det er eit privilegium eg nesten hadde glemt fantest. Alt av ski og sykling har vorte gjennomfør og vel så det. Alle er med på alt! Er det dette som er vår? Takk for ski/sykkelturen alle sammen! Ageir og Robert, de er forresten tinga nokon dagar til, før sesongen er over.

Veka blei avslutta med vellykka familiesamankomst på philippshaugen. Familiesamankomst vil ofte seie 20-30 stk. som kjem til samme plass, med eit sprik på 1-2 timar. Denne gongen var faktisk alle samtidig i over ein time, og til høglytte protestar frå nokon av dei voksne fekk vi faktisk teke eit bilde av alle oppmøtte.

Eg betaler for forrige vekes eventyr med ein relativt trang hals. Satsar på at det iallefall ikkje blir noko værre til morgondagens Romsdal Rando.

 

 

Leave a Reply