VM m.m.

with Ingen kommentarer

Det er lenge sidan VM var over. Ein forkjølelelse, ei Norgescuphelg, ein festival, eitt sjøslag og to lokale konkuransar sidan, for å være nøyaktig. Høyrast muligens mykje ut, men det meste har foregått sånn litt om kvarandre, for å seie det slik.  Sjølv om det no er 2,5 veker sidan eg kom att frå VM, tillet eg meg å skrive eit lite referat.

Det heile starta med sprint fredag 6. februar. Det var min einaste sjanse til pall. Og eg hadde sjølvsagt mest lyst til å vinne. Før vi reiste måtte eg ta fri nokre dagar p.g.a. generelle smerter i kroppen, som i ein begynnande influensa. Men det gjekk vekk, og kom att dagen før sprinten. Dagen starta med smertestillande. Følte meg ikkje sånn eksepsjonelt dårleg, men heller ikkje eksepsjonelt kvikk. Når dagen uansett er der er det liten vits i å tenke på forma. Konkuransen kjem til å gå sin gang, og da har ein jo ikkje anna valg enn å prestere, uansett unnskyldning. Om det verka inn eller ikkje får eg jo heller aldri vite, men det har muligens sine fordeler å analysere situasjonen etterpå. I etterpåklokskapens navn. For min del var det uansett ikkje vits i å stå over, for å ikkje risikere resten av veka. For realistisk sett skulle eg uansett opptre som listefyll dei andre konkuransane. Synd å seie, men det er tilfellet. I løpet av ein slik sprint er det sjølvsagt mange tankar. Utruleg mange, men akkurat når ein er oppe i situasjonen er det samtidig så utruleg få tankar.  Ein 4. plass er sjølvsagt utruleg surt. Kvifor kunne eg ikkje berre gå fortare?! Eg går ikkje rundt å tenkjer mykje på det, men det hender sjølvsagt at folk vil gratulere meg med 4. plassen. Det er jo ein hyggeleg gest. Eg er fullstendig klar over at det er Noregs beste plassering nokon sinne i eit VM i skialpinisme. Og eg er på sitt vis glad for at det er eg som står for plasseringa. Her må eg sjølvsagt trø litt forsiktig, for det er klart at eg likar at folk følger med, og bryr seg. MEN dei kommtarane eg sett mest pris på begynner eller sluttar med. «det var synd». For det indikerer at dei veit, eller iallefall trur at eg kan bedre. Og det er det eg og veit, eller iallefall trur, og vil tru. Og det er rett og slett ikkje anna å gjer enn å finne ut kva det er ein må bli bedre på. For det er det eg må bli.

Resten av veka gjekk akkurat som forventa. Listefyll. Dagen etter sprinten var det vertical, altså motbakkeløp på ski. Min desidert svakaste øvelse. Sidan eg var såpass klar over min eigen ferdighet, eller mangel på sådan, i denne konkuransen hadde eg på førehand bestemt meg for å handtere dagen som ein fridag, med ei hardøkt på ettermiddagen. Eg fekk meg ein finværsdag i heisen ilag med Sondre og heiagjengen frå Eidsvågen. Eg kom i mål som nummer 26.

Dagen etter venta nok ein «fridag» og vi nytta høva til å sjå på løypa til den individuelle konkuransen. Nok ein dag med sol. I likhet med Nordvestlandet og Oppdal for tida, var det og lite snø i Verbier. Utruleg mykje fine fjell, sol, dyr kaffe, flotte folk frå fjern og nær, terskel,høgde, og relativt dårleg mat er sentrale stikkord når eg tenkjer tilbake på VM. Dei som kjenner meg veit at eg ikkje et kva som helst, og det er det ein grunn til. Nok om det. Eg er forøvrig så heldig å dele rom med tidenes dame, som sovnar tvert ho legg hovudet på puta, og eg kan ligge og lese så lenge eg vil, utan å være redd for at ho skal ligge der å irritere seg. Det individuelle rennet gjekk omtrent som forventa, og eg kom inn som nr. 14. Noko eg var hverken fornøyd eller misførnøyd med. Sjølvsagt er det mykje å hente på å finne ut kva ein har mest å hente på her også, men det eg angar mest på er at eg ikkje brukte litt tid å krefter på å kveste ein litt for Amerikansk Amerikanar, som også skulle komme til å irritere med grenselaust i lagkonkuransen. Vedkommande heia med «hundestemme». Fyttigrisen.

Etter enda ein fridag var det duka for lagkonkuranse. Eg og Malene skulle naturleg nok gå på lag. 2100 hm. Oppom høgaste punkt på 3200 moh. to gonger. Ein fin, men litt slitsom tur. På lagkonkuransar er det lov å gå med strikk mellom seg, slik at den med mest krefter kan hjelpe den andre litt. Og det var akkurat det eg gjorde når vi gjekk forbi Amerikanaren som med hundesnakket sitt, heia på dei to amerikanske trekkhundane som kom bak oss. Det er faktisk heilt utruleg kva ein tidvis tillet seg å irritere seg over i ein lang konkuranse.

Torsdag var det heim til Noregscup og forkjølelse. I kombinasjon sjølvsagt. Ein 1. og ein 2. plass. Kan vel ikkje klage. Det sjukaste som skjedde denne helga, og forsåvidt er det eg er mest nøgd med, er at eg for gåvekortet eg vann på kårvatn, og måtte bruke opp der inne, kjøpte eg meg to brøker. SOM IKKJE MÅTTE LEGGAST OPP. Dette blei sjølvsagt ein snakkis i heile slekta, og er det enda. Tenke seg til!! For deg som lurer, så har eg innerbeinslengde på 70 cm. Mål deg sjølv før du tenkjer «det er jo ikkje så kort».

Påfølgande veke reiste eg på ferietur til Sogndal og fjellsportfestivalen. Og det var her sjøslaget fann stad. Det er nokså få sjøslag i min kvardag for tida, men når det først skjer, så er det viktig å gå all in. Det kan nevnast at eg er svært fornøyd med eigen måloppnåelse på denne ferieturen.

Sist, men ikkje minst var det duka for Silsetrenna i helga, Både rando og fjelltelemark. Sjølvsagt stor stas å treffe så mykje kjentfolk, frå det som no kanskje fell under kategorien «gode gamle dagar» på Batnfjorden Ungdomsskule. To førsteplassar fekk eg og krafsa med meg. Eg føler og eit visst ansvar for å nevne at oppdalingen Håkon Ishoel, tidlegare kjend for sin imponerande 2.plass i NM bilstereo, fekk med seg ein flott 4. plass.

Leave a Reply