4. plass. Ja, det er den sure plassen.

with Ingen kommentarer

Men det hadde 5. og 6. vore og.Dagens VM-sprint endte med ein 4. plass for meg. Eit nederlag. Av den meget sure sorten. Men eg var vel ikkje bedre enn som så. Driten med å bli så sur og sint på seg sjølv er at det ikkje er noko å seie for å gjere det godt att. Ein kan sjølvsagt prøve å trøste seg med kvifor det gjekk som det gjekk, og at det tross alt ikkje er så ille, men det blir ikkje bedre likevel. Eg prøver å legge av meg ein dårleg vane med å bruke for mykje stygge ord. Derfor har eg tenkt mange stygge ord idag, og sagt nokon. I morgon ventar verticalen, som eg heldigvis ikkje bryr meg spesielt mykje om. Derfor ventar litt skikjøring på dagen før det blir hardøkt på ettermiddagen med vertical.

Leave a Reply