Ferdig med høgdesamling. #godtåkommeheim

with Ingen kommentarer

Å være på samling er på mange måtar ganske ok, men kan tidvis bli litt einsformig. Spesielt når det er lite snø, og skitreninga stort sett forgår i tråkka løype. Ein typisk dag er gjerne slik: 07.00-stå opp, prøve å være stille, trakte kaffe, ete, ut å trene. Inn. Krangle om å ha ein av dei to nettverkstigangane våre. Sjekke face, sjekke insta. Late som ein jobbar litt. Ete litt til. Ut å trene. Handle. Ete middag. (evt. også lage, om det er din dag) Sjå noko på nett-tv, helst tungtvannsaksjonen eller krim. Snakke litt om tungtvannsaksjonen eller krimmen. (kan og legge til litt venting før «sjå nett-tv», om nokon skal snakke i telefon eller skype først) Lese. Legge. Sove.

For å spare litt tid, pengar og krefter hadde eg bestemt meg for å droppe helgas WC i Andorra. Det hadde sjølvsagt vore stas å vore med, samtidig har eg meir eller mindre kronisk heimlengsel, som gjerne blomstrar litt meir når det er snøtørke i alpane og relativt bra forhold heime. Flyet heim gjekk på onsdag, og eg nytta dagen som pausedag. Torsdag var eg så heldig å havne på Grøvelnebba med to glade tinderanglarar i sola.

Sidan eg ikkje blei med på World Cup følte eg at eg burde kompensere med ein langtur denne helga. I verdas finaste fylke. For selskapets skuld fekk eg med meg ein merittert saueklippar frå Oppdal, ved navn Håkon Ishoel. Mannen er forøvrig kjent som Mr.Oppdal i det Norske Randomiljøet. Nytta meg som vanleg av muligheten til nok ei overnatting hos Bestemor. Mr. Oppdal, kompisen hans Mario og mi Mor nytta seg og av dei samme fasilitetene. Bestemor nytta som vanleg muligheten til å kommentere det meste, med passleg dose sarkarsme.

Turen gjekk frå Jordalsgrenda til Trolltind, vidare på Ryssdalsnebba, deretter Skjortå, over kvidalsskaret, Henrikbotnnebba og ned Brandstadskaret. Mamma stilte som så mange gonger før som sjåfør, og denne gongen også som hundevakt for Mr.Oppdal sin bestevenn, Mario. Trass i halvdårlege værmeldingar var det kun første kvarteret av dei 9 timane vi var ute, at det var nedbør. Utsikten kunne som vanleg ta pusten frå deg. Snøforholda kan betegnast som raske, iallefall opp. Litt vel hardt og steinete siste del opp på Skjorta, men det var hverken nytt, eller uventa. Mr. Oppdal knakk staven på veg ned frå Ryssdalsnebba, og fekk trent litt ekstra resten av turen. Framme på Brandstad var vi kl.17.00 ca. 5 min etter at det hadde vorte litt for mørkt. Sidan berre ei av oss hadde lykt, var det ikkje noko mål å være ute lenger. Vel framme hos Bestemor var det duka for tacofredag, på ein laurdag. Det var nokså akseptabelt, og eg vil anbefale det til alle som tør å prøve.

 

Leave a Reply