Shit HAPPENS!

with Ingen kommentarer

Iallefall om ein ikkje har øvd nok på førehand. Og det var det som skjedde på sprinten idag. Shit. Happend.

Eg klura det skikkeleg til når eg skulle ha skia på sekken, og sjølv om eg brukte lang tid til å feste dei, så løsna dei oppe når eg sprang. Dermed tok eg ei litt rask løysning, som eg sånn halvvegs prøvde å skjule, fordi eg var usikker på om det ville gje meg tidstillegg(det fekk eg). Eg tok iallefall eine handa som ein brukken vinge bak meg for å støtte skia, samtidig som eg sprang på ein nokså krokbøyd måte, med ein stav. Resultatet blei iallefall at eg ikkje kom vidare, med minst mogleg margin.

Dessverre vil eg nok seie. Kunne nesten ikkje vore surare, å ikkje få gå på seg syre. For det gjorde eg ikkje. Og ein kan seie kva ein vil om at syre er vondt. I dag var det iallefall mykje vondare å ikkje få den syra som eg måtte sjå dei andre slite med på heata. For det er når det er mølje at det er kjekt. Det er når det kokar at det verkeleg er stas å konkurere. Og dagens nedkjøring kunne bydd på mange nesten-påkjørslar og spenning. Slik eg likar det. Kva grunnen er kan ein sjølvsagt skrive litt om. Men der er ikkje nødvendig. Eg hadde ikkje dagen, er ikkje vant til å konkurere i høgda, for andre dag på rad. Og sjølv om det ikkje er lov å klage på det, og eg er på ingen måte misnøgd med kjønn, så er det ikkje alltid like kurant å være jente.

I går, som idag, starta vi på 2100 hm. Konkuransen var 1480 hm, fordelt på fem  stigningar. Det gjekk heilt greitt for å være femte dag i høgda og første konkuranse i sesongen. No skal eg ta meg ein tur i vedboden her på hotellet, og sette meg på rulla. Vertical i morgon 8.30. Min absolutt verste øvelse. Motbakkeløp på ski. Dei fleste damene her veg omtrent det samme som eitt av mine lår. Målet for morgondagen blir å gå heile vegen på terskel.

Ellers er steminga på topp. Lars Erik er for tida litt krank, og har emigrert lenger ned i gata. Vi fem andre bor som one «happy skimo family» på 40 kvm.Ellers ventar vi spent på årets nye konkuransedress, som skal være kvit. Ny trusesponsor ønskast.

Leave a Reply