Då var det berre å sveive igang att

with 1 kommentar

2014 er ugjenkallelig over. Det er kanskje feil å seie det slik, men eg gjer det likevel: Endeleg.Året som har gått har vore turbulent. Ekstremt turbulent. Men uansett kor vanskeleg ting ser ut har ein ikkje anna valg enn å forsette. Fortsette med det ein veit ein eigentleg tykkjer er kjekt. Fortsette å treffe dei ein er glad i. Fortsette med livet.

For 2015 har eg sett meg forskjellige mål. Uansett kva målet er, må det gjerast ein innsats for å nå det. Sjølvsagt er det ein del resultatmål og treningsmål. Men hovedmålet er å ha det kjekt på vegen dit.Ta vare på opplevelsane og dei folka eg er så heldig å ha rundt meg. Nyte nysnøen og bratte bakkar. Tunge svingar i djup snø. Konsertar. Knastar på tørre stiar. Middagar hos bestemor. Smale dekk på ny asfalt. Kaffeselskap. Gjørmete joggeturar. Eit skikkeleg sjøslag. Syrestinne bein etter ein intervall. Solvarme fjøresteinar. Dele nista med med ein bestevenn og to hundar i ei påskevarm solside.

«Alle desse dagane som kom og gjekk, ikkje visste eg at dei var sjølve livet».
Det var det da. Vi har jo dette livet berre ein gong, meg bekjent. I skrivande stund sit eg på ei lita leiligheit i Montegenevre, ilag med 5 andre på 45 kvm. Nesten ikkje snø ute, sykkelen på rulla i vedboden til hotellet. Det er eit såkalla høgdeopphold. Mitt første. Det er to dagar til første Worldcup i skialpinisme. Det kom sjølvsagt som julekvelden på kjerringa. Trudde første runde var neste helg eg, og til og med da ville eg hatt dårleg tid. Men, det som er gjort får du ikkje ugjort, og den treninga du ikkje har trent… Vel, eg har iallefall fått meg ein god del fine turar i jula. Den syra eg ikkje har hatt, skal eg nok få, i massevis 🙂 Det får gå som det går denne runden, men på VM, (ja, eg er usikker på om eg skal skrive det sånn i all offentlighet) da skal det gå. Min veg.

One Response

  1. Berit Barlaup
    | Svar

    Dette er en test!

Leave a Reply