Andalucia Bikerace

Andalucia Bikerace

with Ingen kommentarer

Det nærmar seg start. Med stormsteg.

Som vanleg, er ting ikkje på stell her. Starta dagen med ei youtube-yogaøkt på taket her, for å komme ned til låst dør, som vi ikkje kunne få til å låse opp med nøkkelen, fordi det stod nøkkel på innsida. Heldigvis fekk eg tak i ei vaskedame, som komunniserte med translate, og peking, som kunne skaffe til vege to karar frå underetasjen, som var hjelpelege med målebånd og plastperm, som var det som skulle til for å fikse biffen.
Eg skal i år sykle her for eitt Spansk-klubblag, som det sjølvsagt er så å seie umogleg å kommunisere med. Enten det er Språket, eller, meir truleg, noko selektivt kva han orkar å svare på, så er det likevel litt fortvila. Heldigvis har eg med meg ein god kompis frå heimlandet. Som eg riktignok ikkje har treft dei siste 15 åra. Men han er lik seg. Kverulant på fulltid, avløysar på deltid, semiproff hundekjørar, enusiastisk syklist, og hobby-yoga-instruktør. Sidan sist har han og vorte trebarnsfar.

Hei Hildegunn, stå på!

Min taktikk blir, sjølvsagt å trøkke til. Men, det er fullestendig urealisitisk å tru på siger, som sist. Slik eg tenker no, blir det nok ein slags annakvar dag-taktikk, i utgangspunktet. Justert etter dagsform. Det er sannsynligvis for krevande å være «på» alle 6 dagane. Så, om ikkje anna må eg roe meg mentalt iallefall halparten av dagen. Og morgonsdagen er den første dagen, der eg berre må føle meg fram til noko som kan likne på konkuransemodus. Det hjelper sjølvsagt med neglelakk, og lykkeamulett, men, eg er ikkje heilt påskrudd enda kjenner eg. langt ifrå.


Follow hghovdenak:

Latest posts from