Sjukemelding, over.

with Ingen kommentarer

Det har gått så utruleg sakte. Og er så utruleg lenge sidan eg sist la ut noko her. Ikkje sidan sist eg skreiv. Eg har haugevis av halvferdige og ferdige innlegg eg ikkje har klart å få ut til den smale delen av almennheita som følger med på kva eg gjer og meiner.

Mykje vatn har flytt, i mange elver sidan sist, og det føles nesten som om eg ikkje har fått det med meg, og det eg har vore med på, har eg liksom ikkje opplevd. No veit eg, etter det eg meiner er mange års trøbling, at eg har ein stoffskiftedefekt, og går på medisin mot lavt stoffskifte no. Det har endeleg begynt å fungere litt og, vi driv fortsatt å finn ut av dosa, men, eg håpar iallefall at dette er løysinga på mykje av det eg har slete med opp gjennom.

Mange har inntrykk av at dette er ein gamal kjerring-sjukdom. Og det er forsåvidt det eg har følt meg som og. Trur eg da. I tillegg til alt det andre som er trist og slitsomt på lavt stoffskifte. Eller, når det har vore høgt, så har eg jo trudd at eg er meir eller mindre sprø, og har prøvd å ikkje fortelle korleis eg har det, i frykt for å bli stempla som sinns-sjuk. Sjølv om mange sikkert allerede har tenkt akkurat det.

Ikkje noko eg har gjort det siste året har gjort noko bra for nokon, og det føles som eg er ein lat parasitt, som ikkje har klart å få noko ut av noko på lenge. Veldig lenge. Ikkje sånn å forstå at eg får pengar av staten når eg ikkje jobbar. Eg har jo tenkt på å drite i desse sportslege aktivitetene eg driv med, og bynne å jobbe meir istaden, men eg har ikkje klart det heller. Eg hadde rett og slett ikkje klart å komme meg på jobb og undervist på ein god måte. Eg har ikkje noko adresse å sende sjukemelding til, men like fullt har eg vore fullstendig ute av stand til å ta meg av mine forpliktelsar og innfri slik eg skulle. I lang lang tid, meir eller mindre. Det er så mange eg vil unnskylde meg til. Men problemet med å være dårlig så lenge er jo at sjølv om eg ikkje har følt meg «som meg sjølv», så er eg jo det for alle andre.

Så; Beklager for dei tinga eg ikkje har gjort. Og, unnskyld for ein del av dei dei tinga eg har sagt. Eg er muligens hissig av natur, men, innimellom har eg altså vore i overkant sur. Viss du føler eg skuldar deg ei unnskyldning, så gjer eg sannsynligvis det, og, eg har sannsynligvis tenkt på det meir enn du har.. (p.s. eg legg meg IKKJE flat i ein kvar krangel og diskusjon eg har hatt. Så det)

Eg syns sjølv det er vanskeleg å seie kva som er «meg» og kva som er stoffskifte, men eg trur faktisk eg kan sette fingeren på nokon situasjonar eg ikkje følte eg rådde heilt over kropp og sinn(e). Eg veit mange tenker at; Tja, det trur eg kva eg vil om. Og det gjer du. Men, og, at mange har liknande erfaringar, og har sitte, eller sit i samme ustødige båt.

Eg håpar iallefall at medisinering betyr ei så krafting endring som det har føltes som den siste månaden, og at dette er slutten på gjenntatte og langvarige sjukdomsavbrekk, og tiltakslause dagar, med hovudverk og uforklarige svake og tunge periodar. Det er fortsatt mykje som ikkje er som det skal, med ein 34 årig kvinnekropp, og eg forstår at det fortsatt er ein veg og gå, og sjølvsagt, at medisinering ikkje automatisk glattar ut alle humpar i vegen, men, at det kanskje blir færre, og lettare å komme seg over kneikene. Og, at dette er den siste oppdateringa eg har, som i all hovudsak handlar om sjukdom 🙂

Follow hghovdenak:

Latest posts from

Leave a Reply