NM mtb Marathon; Årets suraste?

with Ingen kommentarer

NM starta bra. Først funne roen i Kristiansand, og fått kjørt store deler av NM-løypa. Aldri før, før ein viktig konkuranse har eg sove så lenge heller, og stilte på start, mer utkvilt enn nokon sinne.

Eg og Borghild fekk tidleg ei luke ned til dei andre, og kjørte godt ilag. Å ha nokon å kjøre ilag med, er i seg sjølv ein sjeldan senasjon i kvinneklassen, der vi er få, og spriket er stort. Å kjøre med Borghild er alltid ein god opplevelse, fordi eg føler meg trygg på at ho gir det ho har, og vi kjørte begge godt. Men så, etter langing på 35 km. presterte eg å kjøre feil. Rett fram opp ein asfaltbakke, med flaska på truten og augene til værs, istadenfor 90 grader til venstre, inn i ei lang terrengklatring. Heldigvis kom eg inn på tunet til eitt hus, og lukta lunta då eg ikkje hadde nokon Borghild på hjul bak meg. Avstikkaren tok meg eitt minutt, men eg kom meg kjapt tilbake, og fekk ei luke i det påfølgande terrengpartiet. Eg følte det begynte å bli på tide, så eg drusa på i nedkjøringa i terrenget, for fort inn i eit steinparti, og punkterte så guffa spruta. Idiotisk. Eg hadde fått meg eitt lite forsprang, og hadde sjølvsagt tid til eitt lite bremsespor, men det er nå så rart med det. SÅ viste det seg at eg ikkje hadde «makk» eller plugg eller orm eller kva det no heiter i samuraisworden min. Det skulle sjølvsagt vore noko av det siste eg sjekka før eg starta. Og utan noko å tette eitt altfor stort hol med, kunne eg ikkje gjere anna enn å vente på almisser frå forbipasserande. Heldigvis stoppa ein allerede knust, men god samaritan som gav meg slange, som eg ikkje fekk skikkeleg på plass, vel og merke, men som holdt den mila det var å kjøre til nytt bakhjul. Ei lita analyse av økta, viser at eg stod i ro, eller kjørte feil i drøye sju minutt tilsammen, og med to minutt bak i mål, føles det nokså surt. Eg veit at «its the name of the game» og heile regla. At eg skulle vore bedre forberedt, på alt. Summen av alle desse «småtinga» blei ein andreplass i NM. Det er forskjellen på trøya i eitt år. Eitt av årets hovedmål gjekk i vasken med ein for lang slurk drikke, og ein tapt makk. Sjølvsagt skulle eg sett meg bedre for, og sjølvsagt skulle eg kjent løypa bedre, og sjølvsagt skulle eg sjekka om eg hadde plugg på samuraisworden, og fleire ekstra, før start. men slik var det ikkje. Eg visste at det på eitt punkt i løypa var skarpe steinar, dessverre hadde eg ikkje sjekka akkurat kor. Forhåpentlegvis er dette ei ok forklaring til familie og venner som stiller villig opp, og til mine sponsorar, som både kan og bør forvente bedre. Eg starta seint, men skulle hatt meir rutine enn som så no. Eg skal bli bedre. Lovar.

Men, noko kan både forbundet, og arrangørar bli bedre på og. I to av fire Norske ritt eg har kjørt i år, har eg faktisk kjørt feil, eitt av desse var eitt av mine hovedmål; NM. Eg skulle sett meg bedre for, men eg var ikkje den einaste som kjørte rett fram der, for etter meg kom ei gruppe som snudde, når dei såg meg komme ned. Det er ikkje så lett mens det står på, når mange av dei andre plassane ein har teke av vegen, har møtt sperrebånd, og ein kjem der aleine. Sjølv om dei som arrangerer har gjort ein kjempejobb med å merke, var det fleire som kjørte feil, også andre stader. I mange ritt er det ikkje så nøye, men i eitt mesterskap, kunne det vore unngått. Og ikkje berre ved at utøverane må kunne løypa. Eg har full forståelse for at dei som arrangerer og bur og trener på desse stiane og vegane ikkje ser at det er muleg å ta feil. Det ville vore det samme for min eigen del, men vi som kjem langvegsfrå, og som max klarer å få til ei gjennomkjøring, og skal kjøre, så vi ser meir eller mindre berre ser mannen med ljåen, vi kan ta feil, alle plassar der det er mulig.

Er det mulig at det hadde stått ei løypevakt der, om ikkje forbundet hadde krevd at dei skal ha løypevaktkurs?
Eitt anna ritt, litt tidlegare i sesongen, sykla eg riktig veg overalt, og endte på 2. plass. At det i etterkant viser seg at vinnaren hadde kjørt feil, og korta ned løypa, gjer hverken arrangør eller kommisær noko med. Resultatet ville nok vore det samme, men at kommisær seier at det må leggast inn ein klage ila. 30 min. etter målgang, er for meg ganske ubegripelig! Eg kan faktisk ikkje gå rundt å anklage folk, fordi dei syklar frå meg. Når nokon kjem i mål, og manglar ei passeringtid, er dette noko arrangør og kommisær bør sjå på med ein gong. Ikkje berre håpe at ingen legg merke til det, og så seie unnskyld etterpå. For desse unnskyldningane begynner å hope seg litt opp for meg.
Og når eg først er igang her, så vil eg legge til at eg håpar Birken, endeleg i år, kjem til å legge avslutninga for damene, i samme spor som for herrene, slik at vi slepp kjøre sikksakk i ballettbakken, bak mosjonistar med nødbremsen på, begge føtene i bakken, og 100% skrens og dei som ropar, «ta det med ro, din idiot», for eg er jo ikkje med for å ta det med ro, eller berre gjennomføre. Det er ikkje det at ikkje mosjonistane skal få kjøre sine ritt i ro og mak, men vi må ikkje avslutte ilag. Eitt av få, med god mediedekning for oss som syklar mykje i Noreg.
For det er ikkje slik at ingen har sagt frå om det før. Eg har gjort det, andre har gjort det. Det er eg som har satt store deler av livet mitt på vent for dette. Det er eg som står der med hjertet i halsen, og fråde om kjeften i mål og bannast, og ser ut som ein idiot, fleire minutt bak, ein meter bak, med dei samme teite grunnane så alt for ofte. Det er eg som skal snakke positivt om den eine og andre og tredje, slik at det skal komme fleire neste år. Takke og bukke for at folk vil arrangere. Og det gjer eg. Og det er fantastisk mange engasjerte arrangørar der ute, MEN, det betyr ikkje at vi ikkje kan få det til bedre.

Det skulle faktisk teke seg ut om nokon hadde gått feil på NM- langrenn. Enten det det var ein snarveg eller omveg. Å nei, kva som skjedde på 50-talet er ikkje relevant.

Kvar gong ein startar i eitt ritt, legg ein hovudet på blokka, dommen kjem i form av ei resultatliste, uansett kva som har skjedd mellom start og mål. Og kva som skjer før og etter.

Det er ikkje meininga å anklage nokon. Og eg seier ikkje at skylda ikkje er mi, ofte.. Men ikkje alltid.

Sjølv om dette nok blei skreve sett med eitt nedslått og innadvendt og skuffa blikk frå mi side, så vil eg avslutte med å på alle vis rose alle dei som er med å arrangere! Det er så mange fantastiske ildsjeler, som legg godt til rette, og gjer sitt aller ypperste for å få til gode arrangement. Det er ikkje dei eg vil til livs. Det er ikkje dei som er der, som ikkje

har gjort jobben sin, så godt dei kan, som skal ha kritikk, det er snarare dei som ikkje er der.
Men, så er det det, at det er berre sykling. Sjølvsagt. Etter nokon timar surmuling, er det på tide å hugse på dei situasjonane, der summen av alle desse småtinga, blei ei langt større livsendring, enn å få sykle med flagget på brystet i eitt år.

Det innlegget kjem neste gong.

Leave a Reply