OffroadFINnmark-300km på ei unik reise med sykkel

with Ingen kommentarer

Offroad Finnmark 300

Dei som likar filmen bedre enn det skrevne ord kan sjekke lenkene på slutten.

Eg har satt meg på eitt fly til Alta. For omtrent ein mnd sidan ringte Rakel og spurte om eg ville kjøre offroad Finnmark med ilag. Trass i at eg har flirt godt av Håkon og hans kumpan Odd Erlend fordi dei skulle oppover, tok det meg knapt 5 min å bestemme meg for å bli med. Overraskande nok,iallefall for meg, muligens mindre overraskende for mange andre. På flyplassen kjem Rakel og hentar. Blid som ei sol. Begge spente på korleis de andre taklar strabasene, utan at det går an å finne ut det på førehand. Vi har sykla mot kvarandre i mange ritt denne sesongen. Ikkje ein meter ilag.

Men vi har funne tonen. Det er iallefall det vi trur.

Eg skal sykle min første lagkonkuranse på terreng. Rakel kjørte ifjor, så ho veit kva ho går til, på godt og vondt, men har aldri kjørt jentelag før.

Begge veit at når vi kjem til mål, om vi kjem til mål, så har vi;

A Fått ei venninne for livet.

B Hatt ein kjip tur.

Dagen går med til å handle mat,hente lånt utstyr, pakke og ete.

Myggmiddel og myggnett er obligatorisk, så også regnkle, fyrstikker og førstehjelp.

Om vi havnar i nøden på vidda, skal vi brenne dekka våre.

Vi stappar full sadeltasker og sekkar. Komprimerer  kle, og planlegg matinntak.

Kor, når og korleis. Laks, lompe og graut på pose. Saft på flaska og i evocèn. Det stappes og skrus og planlegges. Klokker, GPSar og batteripakker på styra, i plast, i sekken i bobilen. Alt lades og lastes. Offroad Finnmark har ikkje merka løyper.

Vi har god support i Vilde og Tor Espen, som kjører bobil og gjer klart for skift, næringsinntak og sykkelmekking undervegs.

 

Starten går 18.00, og før det er det infomøte, registrering og litt media. Tida flyg, og klokka nærmar seg.  Planlagt middagskvil og yogaøkt må vike.

Første etappe er den einaste eg faktisk vil kalle eitt ritt. Etappen går rundt omkring i og rundt Alta sentrum. Kjekk sykling. Men vi får ein liten forsmak på kor blautt det skal bli, og krysser både elver og bekker. Det er relativt folksomt, og vi opptrer under parolen “Henge, uten å sprenge”. Dei fleste har nok tenkt det samme, uten å klare å følge den plana så godt som f.eks. oss.

Første sjekkpunkt er ved start/mål. Eg har bestemt meg for å bytte alt på dei tre sjekkpunkta vi har bobil. Og vrenger av meg. Og med rumpa bar skjønner eg at dette blir ein snakkis, mens eg får assistanse til å trekke den tørre buksa over det aller mest kritiske. Men i idrett, krig og kjærlighet er alt lov. Så å seie. Kropp er iallefall innafor. Og på lik linje med sykkelen, er det viktig at den er best mogleg skodd, kledd, smurt.

Etter 8 min. Er vi på farten att. 3 min meir enn nødvendig. Men det var kanskje nødvendig likevel. Vi har fortsatt nesten konkuransetempo, men har kun delvis følge av eitt lag, og er snart aleine.

I første lange stigning står Odd Peder og ropar at vi er 9 lag i totalen. Vi ser på kvarandre og smiler, vi tenker begge at vi skal være bedre enn som så i mål, utan at vi tør å seie det.

Det går ikkje lenge før vi tek att eitt lag til.

Begge er stille ei lita stund. Litt usikker på kva som motiverer den andre. Er det å være ambisiøs, eller skal vi late som vi ikkje bryr oss, og ta det i vårt eige tempo. Kan den andre blir stressa og sur for ei offansiv holdning, eller er det akkurat det som skal til?

Etter ei lita stund seier eg, litt forsiktig “det hadde vore litt kult med topp 5 da?”

“Ja! Tenkte akkurat det samme!” utbryt Rakel, og med det har vi satt vårt mål. Det er innafor. Begge tenner på tanken. Utan at tempoet aukar av den grunn. Her, av alle stader er det viktigaste og riktigaste ordtaket “D e jamninj so dreg” Og vi dreg jamnt.

Tåka legg seg. Tett og klam. Sikten er svært begrensa. Vi ser 10-15 meter foran oss. Tidvis litt lenger. Det einaste ein høyrer er lyden av dekk på blautt underlag og kjedet som matar på.

“Ein person”

“To”

Begge er litt spente på om karane foran skal henge seg på. Men det er for langt. Taktomslag her er døden. Eller ikkje døden eingong. Det går berre ikkje. Dei ønsker lykke til vidare. Vi snublar oss framover, og snart finn vi ut at finnmarksvidda har slukt begge sine briller.

Vi har vel drøye 7 timar att til vi er på sjekkpunkt med bobilen i masi. Første mulighet til å ta på nye briller, og ein av to mulige 1-timeskvilar.

Vi tek att eitt lag til, som vi syklar og går ilag med lenge. Han eine er søskenbarnet til søskenbarnet til Rakel, han andre er 17. Og litt seinare skal vi møte bror og sønn på 13 år, som syklar dei i møte. Han har i følge rykte sykla ut frå Masi kl. 23 og møter oss i 4-tida på neste etappe, i følge mine svært unøyaktige beregninger.  Eg trur sjølvsagt at vi ikkje kan ha langt att til folk når vi treffer han, men det stemmer ikkje i det heile tatt.

Eitt stykke før 1. Villmarkssjekkpunkt Cuorvon treffer vi og to karar frå Valdres. Det føles ikkje lenger spesielt ut som ein konkurranse, sjølv om vi gjerne vil være bedre enn dei.

Det er berre kjekt å sjå at vi følger sånn ca riktig gps-spor. Og godt å slå av ein prat. På Cuorvon spring eg inn i eitt telt med myggspiral for å skifte, og vil aller helst tisse der inne og, men går ut for å være litt høfleg. Rakel har på merkeleg vis klart å skifte utanfor. Myggen begynner å bli merkbar. På sjekkpunkt møter vi litt overraskende Bjørnar  (Rakel sin kjæreste) og lagkamerat Kim Eirik.

Dessverre er vi litt trege også her, og stikk ut derifrå aleine. Etappen vi no er i ferd med, foregår i tett tåke, delvis utan sti, og med ein tilvoksande hærskare av mygg. Skjermen på gpsen har gått over til nattmodus, fordi det er natt, og er vanskeleg å sjå. Rakel har retninga, og viser veg, litt sikksakk. Men dog. Dette er Finnmark spesial. Og det kan ho. Ein sjeldan gong innimellom  er det sti, som går nedover, og eg tek ledelsen. Fleire gonger må Rakel rope meg tilbake, fordi vi skal endre retning. Kor mange timar vi er i dette landskapet fullstendig dekt av tåke veit eg ikkje, men på eitt tidspunkt lettar tåka, og vi kan sjå utover vidda.

Lettare til sinns, lettare til beins. Det er og litt meir sykkelbart i ein periode. Foran oss skimter vi to. Eg reknar først med det er karane frå Valdres, som brukte kortare tid på sjekkpunkt, men dess nærare vi kjem, dess sikrare blir eg på at det er ei blå molde ck trøye eg ser. Det er Håkon og Odd Erlend. Kjentfolk! Håkon har tidlegare kalkulert med eg skal ta han att etter ca 16. Mil,dette er gjerne noko før, men ikkje så mykje.

“No va det godt å sjå deg” ropar eg. På liksomtull svarer han “godt ein av oss syns det” men inni seg er han glad for at vi er der. For no er det minimalt med konkuranseinnstinkt att i fyren. Og eg mistenker at to lystige damer ikkje var heilt feil for å bryte opp stemninga. Vi held følge, og praten går, om enn ikkje i eitt.

Når vi får ei punktering på Rakel sin sykkel, stoppar dei å et i sympati. Vi får ikkje til å fikse det med samuraisvord og patronar og må inn med slange. Og her skal dei mest negative orda mellom oss i heile konkuransen falle “ta i luft i slangen før du legg han inn” Seier Rakel. “Nei, det kjem rusk på han” Seier eg.

Å legge i slange er i seg sjølv ikkje eit kunststykke, men for meg, som må slå mygg med ei hand er det ikkje lett. Rakel har ein toleranse ovanfor mygg som grenser til det irriterande. Det går ikkje fort, men det går ikkje så jævlig sakte heller, og lykkelig over å ha tatt med pumpe i tillegg til patronar sett vi oss på sykkelseta att. På grunn av myggen måtte karane bevege seg, men meiner vi skal ta dei att, og mot normalt så gjer vi det før det har gått for lang tid.

Vi nærmar oss Masi. På forhånd har vi tenkt å muligens drøye til sous for timeskvilen, som skal være på ein av dei to. Vi har for lengst skrinlagt dei planene. Her skal det timeskvilast.

På Masi møter vi jubel og entusiasme. Tor Espen får assistanse av Øyvind for å skifte dekket til Rakel, og Vilde er klar med bekledning og mat. Eg spring i dusjen. Og må stå der til eg får følelse i føtene. Timen føles som ein evighet og vi stappar i oss med mat. Eg gulper ned tre egg og tre fiskekaker og nokon kopper kaffe, som heldigvis dukkar opp via Bjørnar og Kim Eirik sin support. Rakel får heimelaga pizza, og trykker innpå meir enn ho har kapasitet til.

Alle trør til for at vi skal få trø best mogleg vidare. Ein liten glipp frå arrangør gjer at vi må ta pause i 5 min ekstra. Ikkje noko krise i seg sjølv, men når det i ettertid viser seg at dei 5 min. Skal være det som gjer at vi ikkje når målet 22.5 time, er det jo litt surt. Utan at det er noko å grine for.

Gode og mette tek vi fatt på neste etappe, som er drøye 35 km. Det skal vise seg at dei er veldig drøye. Det er utrulig bløtt og vi kryssar elver i eininga. Når vi ikkje krysser elver, klaskar vi rundt i myr. Det kostar tid. Og krefter. Eg ser på Rakel der ho lett som ingenting vadar seg gjennom myrene. Sjølv humper eg etter, mens eg prøvar å klø meg på ryggen med sykkelsetet og slår mygg med ei hand. Eg kjenner på tilløp til panikk, blir det meir mygg no så går det ikkje. Sjølv om det ikkje finst mulighet for å slippe. Rakel taklar myggen med ei ro eg aldri kan få. Ho er imunn mot gifta, eg reagerer på alt.

Ho har og 8 kg mindre å dra på enn meg, kroppslig sett, og har ein halvmeter meir føt.

Eg vil ha det ho har. Lite vekt, lange føt og høg myggtoleranse. I mangel på alt dette, skrur eg på musikk på telefonen, mens eg ligg i myra, for at mest mulig av kroppen skal være utilgjengelig for mygg.

Undervegs lagar eg ein omrekningstabell. 100 fhm (finnmarkshøgdemeter)= 1000 Nordvesthøgdemeter effektivt. 1 fkm (finnmarkskilometer)=1 austlandsmil, effektivt.

Den turen vi er ute på er med andre ord jævlig lang. Men så kjem det noko fin sti, og eg er ovanpå att, etterkvart i full visshet om at det ikkje blir lenge. All good things come to an end. Men det hadde jo vore digg om det hadde vart litt lenger. Eg tek litt feil veg, men ser at eg skal komme meg inn på stien att, Rakel følger meg på samme feile veg, men blir borte ei stund. For første, og heldigvis siste, har vi ikkje mulighet for å sjå kvarandre. Med bittelitt gryande panikk står eg og roper så høgt eg kan. Det tek ikkje mange minutt før ho svarer. Kanskje berre eitt, men eg har rukke å tenke nokså mange scenario. Etter ei lita stund viser det seg at giret hennar har fått seg ein trøkk, og det er berre dei lettaste gira som kan brukast. Smått om senn, men relativt lyse til sinns kjem vi til asfalten, der vi kjem fram til at ho skal ligge bak, og prøve å holde farten oppe best mulig slik. Vi møter karane frå Valdres i motsatt kjøreretning, i tempostilling i medvind. Sjeldan har 5 km på asfalt i svak motvind vore så lange. Vi kastar oss inn på sjekkpunkt, og får øyeblikkelig hjelp med giret. Mens eg trykker i meg så mykje graut frå pose at eg ikkje får til å svelge, Sitt Rakel på do, og ropar etter rumpesalve. Sjølv har eg ikkje med slikt, men kjenner at det ikkje hadde vore heilt feil. Lite visste eg om at det skulle gå ei drøy veke før eg skal ha den litt ambivalente glede av å pirke vekk ruren i ein relativt ubehagelig dusj etter Cykelvasan, som forøvrig skal bli så skuffande at det uansett ikkje stel nok av min oppmerksomheit.

Fortsatt litt energiske etter all maten og kvilinga vi fekk på forrige stopp, og sansynligvis fortsatt piffe etter dei trass alt lette km på asfalt, og med asfalt i sikte minst 2 km i starten hastar vi vidare. Asfalten i starten står i ekstremt sterk kontrast til resten av etappen. Foruten siste del, som kan syklast både fort og kjekt, skjønt det begynner å bli rimelig ubehagelig å sitte på setet. Borrelåsen på skoa er for lengst fyllt opp med myr, og for kvart tråkk piskar reimene borti ramma. Vi nærmar oss Jotka som er siste stopp. I nokså lang tid har vi sett eitt lag foran oss, og på siste stigning er det rimeleg visst hammertime foran oss. Vi et oss innpå, utan at vi eigentleg trur vi skyndar oss. Eg har og ein lyd i bremsene eller iallefall i sykkelen, som høres ut som ein damestemme som ropar frå langt unna, og når Rakel avkrefter kvar gong eg roper for å spør kva det var ho sa, så har eg ein litt ubehagelig frykt for at nokon kjem raskt innpå bak oss. Sjølv om dei få sekunderingane vi har fått ikkje heilt stemmer overeins med at vi skal ha nokon damer i høreavstand bak oss, men kven veit..

Vi tek att to karar frå Valdres og held følge med dei inn til Jotka, kor vi får heilt fantastisk service, sykkelvask og næringspåfyll. Ivrige etter å bli ferdige fer vi fort derifrå att, men lovnader om at det meste er sykkelbart. Vi held relativt høg fart i starte, oppløftet av lovnadene og noko veg relativt tidleg i etappen. På vegstrekket står det ei jente og ropar att det er berre ei stigning att, og så er det rett heim. Den påstanden skal vise seg å stemme relativt dårleg, men etter 4-5 stigningar og nokre elver, så er vi faktisk på veg ned siste lange nedkjøring. Eg er redd for bremseskivene mine, og går for ei løsning uten å bremse nevneverdig i starten. Etter ein bråstopp, heldigvis i lyngen, og utan å slå meg nevneverdig kjem eg fram til at det mulegvis er verdt ei bremseskive å komme seg heilskinna ned, og forhåpentlegvis utan å ødelegge noko tidkrevande på sykkelen.

Det er lenge sidan klokka gjekk tom for batteri, og eg har ikkje noko form for kilometertelling. Rakel kjem og opplyser om at det er 18 km til mål. Med ei litt negativ innstilling til desse finnmarkskilometra, utbryt eg: “Fy faen, 18 kilometer!”

“Nei, det er ikkje langt” seier Rakel. “Nei, det er sant, det er ikkje langt” seier eg, og med det har vi forsert vårt nest mest negative augeblikk.

 

Det er usedvanlig lettsykla, herifrå og til mål, altså i Offroad Finnmark-samanheng. Mens vi nærmar oss mål, planlegg vi korleis vi skal sykle over målstreken. Vi er nokså sikre på at målet vårt om å bli 5. lag samanlagt kjem til å gå.

Vi har vorte einige om å leige, men å sykle arm i arm, men ei hand på styret er litt slitsomt, og med målstreken i sikte, utsett vi stadig når vi skal ta hendene til kvarandere. Men, i tide til å bli teke bilde av, litt før noko ruglete brustein, tek armane saman, og hevar dei i været, for å måtte ta dei ned nokså umiddelbart for å stoppe i målområdet. Her er det ingen som kjem inn i stor fart, ei heller ei stor gruppe, og det trengs ikkje noko stort felt for å stoppe.

Vi får utdelt alkoholfri sjampanje, som eg ikkje klarer å åpne, så Rakel tek den, og etter ein slurk som vi begge gulpar opp att, ristar eg flaska for å ikkje miste ansikt. Noko må ein jo gjere. Vi får begge utdelt beger, men eg spanderer vekk mitt kjapt og umerkeleg. Det er ikkje rom for kullsyre her.

Vi får utdelt sjekk, og suite, og smiler på bilder, men så er det om å gjere å komme seg heim. Eg har ikkje vondt nokon spesiell plass, anna en rævva, men når det ikkje skal syklast meir, er det ikkje eitt problem. Det einaste er at alt går berre sakte. Kjempesakte. Eg får satt meg ned i bobilen, og ventar på Rakel, som etterkvart kjem, gåande som ei eldgamal kjerring. Eitt eller anna har skjedd med korsryggen, og ho får ikkje bøyd seg.

Mens eg går først i dusjen, ligg Rakel på golvet, i eitt forsøk på å ta av seg buksa. Det går med nød og neppe. Det går ikkje lang tid før vi er ferdig vaska og ete, og klar for senga. Støtteapparatet i bobilen, og vi inne i leiligheta til Rakel sin far. Etter ein dryg 12-timers, så krabbar vi ut av sengene, men langt bedre kroppar enn kva vi hadde kvelden før. For min del er det einaste som ikkje fungerer som det skal hendene. I eit forsøk på å pakke inn gaver til støtteapparatet, i matpapir, som ei matpakke, kjenner eg at å klemme inn papiret på sidene ikkje er heilt enkelt idag. Men eg ruller og krøller saman noko, som best eg kan, og får krafsa ned nokon velvalgte ord på papiret før dei kjem opp til frokost. Av alle ting, har vi sett av dagen til handel. Vi skal ha både finkle og sko til banketten. Eg har ingen som helst forkjærlighet for shopping, men det er utruleg kva som kan være kjekt i godt selskap, og etter ein knapp dagsjobb på kjøpesenter har vi handla inn kle og sko vi like gjerne kunne brukt som forlovarar i bryllup. Det er også på grunn av denne handleturen at vi ikkje klarer å komme oss på banketten, før det har starta, og sjekke inn på den gigantiske suita før undervegs i festen. Festen går med til å ete, og snakke om, og høre om andres vondter og problem undervegs. Sjekke ut føtene til dei som har sykla 700 og har veskefylte føt av ein anna verden. Samalikne stikk, og alt av andre diversiteter. Festen forløper utan dei store krumspringa, og eg er vel i bresjen for å samle troppen, og tidleg legging. Men det er utruleg kva ein skal snakke om rundt matbordet, når ein først har fått henta seg litt inn att, og klokka runder nok drøye 3.30 før vi sovnar i vår leir. Etter knappe 5 timar er det opp for å ete ein formidabel hotellfrokost, og vaske, rydde og fordele tilbake utstyr. Det tek si tid, men det gjer meg lite, for eg har blingsa på billetten heim, og blir i Alta eitt ekstra døgn.

Offroad Finnmark, er noko som i likheit med fødslar, ein ikkje vil gjere igjen, men ein gong ein er ferdig. Men når det får gått eitt døgn eller to, så skjønner ein at ein kjem til å bli med igjen. For det er ein unik opplevelse, med sykkel, både på og av. Når ein står der med myr til hofta, og mygg overalt det myggen kan komme til, så er det ikkje berre nydeleg, men det er unikt. Og når ein først skal være i gang så mange timar, så er det å bevege seg på sykkel, og i myr og elv og på vidda relativt skånsomt. Merk her at eg snakkar om 300 km, ikkje 700, for etter det eg har hørt, så kan du glemme å ha ein sesong etter det.

Og det beste av alt: Alta.

Og dei som bur der, aller mest dei som bur der. Entusiasmen rundt, på kvart eit sjekkpunkt, følelsen av å være heilt dronning, at alle ønsker deg velkommen, og er genuint intresserte i at akkurat du skal ha det bra.

For det er ingen tvil om at det er dette som gjer det så utruleg bra. For du kjem til å bli både sliten, og tidvis både sur og forbanna på alle dess myrhola. Alt dette vatnet. At bak neste topp er det berre enda ein til. Men når alt kjem til alt, så er det jo og det som gjer det så unikt.

Det er ei stemning, som eg ikkje klarer å formidle skriftleg, men som du, om du likar slikt, må stikke oppover for å oppleve. Opp for dei fleste, ned for dei få. Om det er som støtteapparat eller syklist, trur eg nesten kjem på eitt ut, for sjølv om arrangøren har gode ordningar på sjekkpunkt, er eg veldig, veldig glad for vårt eminente støtteapparat, som vi kunne store 100% på, og som var berre enda fleir å dele gleda etter målgang med.

Og har du ein venn eller kjærast etter at de har kjørt dette rittet ilag, så er det iallefall god grunn til å tru at det skal kunne vare livet ut.

 

Sjekk film frå Rakel, Vilde og Tor Espen her!!: https://www.dropbox.com/s/ufsdjbqzyiup6mi/402lang

Film frå Frikant her: https://www.dropbox.com/sh/rg8ozwutlc668tp/AABkUp0VuDJ0m3ue1shLOlNDa?dl=0&preview=Team+Skaidi+Xtreme+-+Finish.mp4

 

Leave a Reply