Andalucia Bikerace

with Ingen kommentarer

Andalucia bikerace. Mitt første ekte etapperitt i terrenget.

Startskuddet går søndag 26. Februar. Tirsdag 21. Februar skal eg teste o2, men tør ikkje fordi eg føler meg dårlig. Bittelitt feber, og småsår i halsen. Onsdag blir kviledag med foredrag på fjellsport festivalen til kvelds. Kan vel ikkje utelukke at eg var knøttelitt stressa for det. Med heilt frie tøyler har eg valgt å snakke om meg sjølv, og hadde som mål å hauste noko latter. I tillegg til noko latter fekk eg ein fleecegenser.

Torsdagen går med i bil, og på VPG, ikkje at eg fiksa spesielt mykje sjølv, men sju timar i bilen og tre timar hos Snorre på bakrommet er over middels lang arbeidsdag for meg, før eg må pakke om, hos Bestemor på Sunndalen. Fredagen går med i bil, flyreise, og meir bilkjøring frå Malaga til Cordoba.

På laurdag har eg dundrande hovudpine og syklar ein drøy time, svært sakte. Store deler av dagen går med til å sjekke avstander på Muttern sitt nye nettbrett i google maps. Ho har i lang tid vore svært overbevist om at nettbrett er det rette for henne når det gjeld navigasjon. Brettet har sjølvsagt ikkje nett, og vi utviklar ei ordning der min mobil skal ligge att i bilen og dele nett med det nye og fantastiske nettbrettet, og Mamms lagar eit etui av sine kvite, nesten reine ullsokkar for sin eigen mobil, som skal ligge i skiftebagen eg leverer kvar morgon før start til ein fyr i stor bil. På det viset kan vi muligens nå kvarandre etter målgang.

 

Første dag er prolog, eller ein slags tempo. Eg føler meg ikkje spesielt bra, og kjører sakte. Usikker på både kropp, sykkel og det spanske jordsmonnet. Det held til ein 15. Plass.  

Lite å skrive heim om, men det blir likevel gjort.  

 

Neste dag føles lagt bedre, men det er viktig å hugse på at også i Andalucia Bikerace er majoriteten supermosjonistar i 30-40-50 åra. I all hovedsak menn. Mine få faste tilhengarar veit frå tidlegare kva eg meiner om den Blodseriøse Supermosjonisten Mann 45. ( På eitt eller anna tidspunkt skal eg sørge for å skrive veldig positivt om mann 25-50, det er tross alt minst 70% av mine venner og treningskompisar)

Mange er i knallform, men balansen er ikkje heilt der den skulle vore, så i bratte kneikar blir det fort kø, når mange hoppar av sykkelen. Og minutta går fort. Spanske Perez er store deler av denne dagen mi polarstjerne. Han skiller seg ut frå mengden, med å ikkje rykke. Og i nedkjøringar, eller når han er litt sliten, slepper han meg foran. Han er nok over 45, og mulegvis er det derfor han har klart å lære sin eigen kropp å kjenne så godt. Eit eksempel til etterfølgelse. Eg jobbar med å sjå på desse små gåetappane som gode pausar, og tenker at dei passar godt inn i min filosofi om at dei første 3-2 dagane så skal eg være minst mogleg i raud sone, og vil ha overskudd til å kjøre skadefritt for både meg og sykkel i nedkjøringar.

I større grad enn i Noreg, er det liten vilje til å samarbeide. Det rykkes og støtes på eikvar flate. Eg ender på 5.

Etter ei usedvanlig tung og energitom stund til meg å være på rundt 60-65 km, får eg langing på 66 km, 5 km etter planlagt, noko som denne dagen føles relativt tungt.

Vi går for to av tre langingar kvar dag. Noko som eigentleg er i overkant for ein person i følge Mammsen.

Og eg skal ikkje tru det er hardt berre for ho, det er fleire som slit, får eg høre historier om, kvar dag i bilen tilbake. Men ho klarer seg bra, og trass i eitt defekt kne, klarer ho å halte seg fram til dei planlagte plassane på alle langingar vi har lagt inn, foruten denne ein som kjem 5 km etter plana, noko eg eigentleg har alle forutsetningar for å takle, men i denne 2. etappen blir eg faktisk forbisykla i mi tunge stund. Eg bestemmer meg for at så lenge eg ikkje har skader eller anna vetigt å skylde på, så skal det ikkje skje igjen. Det er trass alt ikkje min stil. Og; Image is everything!.

På 3.etappe kjem min første pallplassering.

Dette er første dag med spanske Bjarne Brøndbo i baktroppen. Han roper ut av glede eller frustrasjon, eg kan ikkje forkjellen på spansk. Eg har på forhånd bestemt meg for å sette fart litt før dei tidlegare dagane, for å sleppe å ligg bak i flaskehalsane. Spanske Brøndbo blir i så måte ein katalysator. Og eg tenker at det er verdt ein smell litt seinare. 

Litt sikrare på både kropp,sykkel og jordsmonn, plukkar eg plassar frå midten av rittet. Om det er eg eller sykkelen eller begge som klatrar bedre enn vanleg for meg veit eg ikkje, men det går ihvertfall usedvanleg greitt i motbakkane. Då smellen uteblir er det berre å måke på. Og det held til 2. plass. 

 

4.etappe blir min andre 2.plass.

Etappen går i Andujar, som er ein god times kjøring unna. Og vi skal seinare på dagen forflytte oss til Linares, som er ein dryg halvtimes kjøring etter etappen, og må derfor pakke med oss alt. Bilturen går forsåvidt smertefritt, om ein ser vekk frå at vi blei stoppa av politiet på motorvegen.

Hissig vinka til sides med ein lyssabel i tåka. Sjølv om muttern ikkje er spesielt rolig og fatta, og eg rekker fingern til dei begge. For dei kan ikkje kan bøtelegge oss på staden, men vil ha oss til å følge dei til ein anna plass, for å kjøre utan lys i tåka. Etter noko hissig munnhuggeri frå alle partar bestemmer dei seg likvel for å la oss kjøre vidare til start, når Muttern, med gråten i halsen tømmer alt frå si innholdsrike (minst av alt er det snakk om peng) lommebok ut på panseret, til tross for at dei ber oss bli sittande rolig i bilen.

Det er ein rask gaterittstart. Litt velting, som eg såvidt unngår. Etter det fortsetter ei kupert, og relativt rask løype. Eg prøver å kjøre rolig og kontrollert, på ein veldig rask måte, og, litt uventa går det nokså kjapt. Raskere enn eg trur iallefall, for når frk. Lettpåtå, som heile rittet har vunne tek meg att, skjønar eg at eg har vore først av damene. Det viser seg forøvrig etter målgang at ho denne dagen “trener” med ein mannleg kollega.

Etter dette knivar eg om å ligge som nummer to i litt under halve rittet, før eg tør å prøve å gje gass på alvor. Men at avstanden er for stor til å ta att lederen blir veldig billedleg for meg, når eg får sekunderinga “Du er 490 sek bak..”  

I bilen vidare etter etappa får eg ei god innføring i kor hardt det var for så å seie alle som har langa denne dagen. Lunta på massør og langar Holen er rimeleg pinnkort. Muligens med rette.

Vi kjem oss iallefall fram, og får tilslutt forklart alle mine allergier på hotellet, før middag.

Og etter å ha bragt maten tilbake til kjøkkenet to gonger, kan eg lange innpå ein potet og ein small/medium laksebit. Glad for å ha eit lager med mat på rommet, kastar eg innpå både potet og laks og tek kveldsen på senga.

På 5. dagen er etappen som skapt for meg. Rask og kupert. Eg har ikkje sove om natta, som vanleg er, før eg veit eg bør prestere. Blodet mitt har kokt heile natta, og det går berre an å sove korte stunder smanhengande. Varmt rom, hundeglam utanfor, for tett nase til å bruke øreproppar er sjølvsagt og medvirkande årsaker. Om morgonen sprett eg opp, og kavar avgårde for å finne frokostsalen, fylle kaffekoppen, og ete havregryna mi på rommet. Ikkje før igår har det vore viktig kva musikk eg har før start. Eg har måtta skippa det då gps-ansvarleg må ha ro på seg, og nett frå min mobil. Men idag må eg ha det. Også til frukost. Og det er heldigvis kort til start, så eg kan hugse kva siste sang var heile dagen.

All my life I’ve been searching for something. Something never comes never leads to nothing. Nothing satisfies but I’m getting close. Closer to the prize at the end of the rope”

Det går på repeat. Går og går. Og eg kjører det eg er god for. Alt eg kan, så godt eg kan innafor det eg meiner er forsvarleg for eitt ritt på over 10 mil og 1900 hm. Og etter sånn omtrent 35 km, så har fleir i gruppa eg sitt i gratulert meg med dagens etappe. For det er ei god gruppe. Og ho kjem ikkje til å ta oss att utan at noko skjer. Eg prøver å seie at det er langt att, men eg trur og at eg skal vinne, heilt til eg kjører inn i eit skarpsteinsegment, “kuk i ræv” bak dei tre foran, i eitt sol-skyggeparti og får ei punktering. Som eg handterer på verst tenkelege måte. Det ville sannsynligvis holdt med noko meir luft, men eg riv sund ventilen og må sette i slange. Og låne pumpe. Dette tek ufatteleg mykje tid. Dessverre. Og så punkterer eg igjen. Noko eg prøver å fikse meg luft to gonger, før eg 10 km før mål innser at eg må skifte til ein ny slange. Som eg og må låne.. Det går nok utan å overdrive rundt 40 min ekstra på desse opptrinna, og plasseringa blir deretter. Sjølvsagt. Irritasjonen brenn i kroppen, og eg skjemmes når eg går i mål. Er det mulig å være slik ein lauk?! Joda, det luktar lauk lang veg. Sammendraget er med det lost case, og eg har berre ein sjans att.

6.etappe. Siste sjanse. Full tenning. Tette luftvegar. Skylappar. 

Full måk frå start. Rolig start er ikkje eitt alternativ denne dagen, rask løype, og heller ikkje speielt lang. Løypa er knappe 5 mil.

Eg trivast best som jeger, men her går ikkje det, og etter 15km ser eg ikkje noko til dei andre jentene, og begynner å safe inn. Ingen punktering, ingen tryning, og helst ikkje for liten fart. Det går inn. Årets første seier. Første seier som smakar noko, på nesten eitt år. Over termin vil eg seie. Men så godt når det først skjer.
Kort sagt, på tampen vil eg anbefale rittet, om ikkje til alle og einkvar, så til alle som er genuint intressert i sykling. Teknisk sett er det lite å være redd for, om ein føler at det er innafor å ikkje kjøre full gass heile tida, for det går mest sannsynlig ikkje i 6 dagar, om du ikkje er blodtrimma, og kanskje er det heller ikkje da, den beste vegen å gå eller trø. Kjør fulldempa. Det lønner seg.

Leave a Reply