Haustføt i sommarver

with Ingen kommentarer

 

Eg starta haustsesongen forrige helg, med ein fjellmaraton. Etter å ha innsett at at årets sykkelsesong var kjørt, utan å kjøre, blei det straks litt lettare å kvile. No, når kroppen og hovudet føles bedre, er det ikkje berre lett å hugse på at eg ikkje starta på der eg slapp…Uansett, så er det ikkje krise med dritføt for tida. Så forrige laurdag, då det var meldt dritver på søndag, såg eg ingen grunn til å ikkje bli med på ein halv fjellmaraton. Og då Henrik Kippernes fem minutt etter at eg hadde meldt meg på foreslo ein heil fjellmarathon, såg eg ingen grunn til å ikkje bli med på det heller. Ein dag i fjellet, på godt merka løype i regnet. Må være grei skuring det. Og det var det jo.

Det er jo nokså kurant å konkurere i nokon du ikkje eigentleg konkurerer i. Det er berre å pakke sekken, kle på seg, og møte opp, og følge reglane da. I eit relativt bedageleg tempo. Og ALT ER RELATIVT, blei eg intenst påmint på bussen. Og det er det jo.

Vel framme på start, i ganske varmt pisseregn til Oppdal å være, var det lite nervøsitet å spore hos deltakarane på 08.00 starten ved Gjevilvasshytta. Der kunne eg bidra med lokal kunnskap om utedossen, og opna opp for to ekstra to, til glede og forlystelse for dei fleste startande. Starten i seg sjølv gjekk nokså roleg føre seg, og praten gjekk nokså livlig føre seg. Etter knappe 200 meter fann eg endatil ein 500-lapp, som eg tenkte var dagens første og einaste premie for min del, men det viste seg kjapt, dessverre, at det var Henrik sin. Og med det var premie eit endt kapittel for meg denne gong.

Det var riktignok lettare enn eg hadde forestilt meg å springe 42 km i fjellet, men det er klart eg møtte ein og anna liten kneik eg måtte forsere. Både mentalt og fysisk, men det er berre utruleg kor mykje lettare det er å forsere litt sakte, enn så fort som mogleg.

Det første hinderet eg møtte var ein snakkesalig nordmøring (og beklager på det sterkaste, det er ikkje personleg!) Men, altså ein typisk snakkar. Ikkje for det at eg ikkje vil snakke, men eg syns liksom det er litt godt å berre gå inn i den såkalte sona, og drive avgårde, og vil helst sjølv bestemme når eg skal ut av den rytmen. For det gjorde eg. Etterkvart. Veldig. Men mitt beger blei fullt då han ropte ut kor rå eg var på første matstasjon, og med det også skraut vilt og uhemma av seg sjølv. Han ville og vite kor lang tid eg hadde tenkt å bruke, noko eg på ingen måte hadde eitt godt svar på. Dette må eg berre få ein slutt på tenkte eg, og langa ut, i den grad ein kan det med 70 cm stumpar av nokon bein, og sjølv om han beit seg godt fast, i god tru på at eg faktisk kunne springe, så slapp han etterkvart, og i så måte var han nok og ein god motivasjon for å halde farten oppe, til kanskje 28 km.. Kor lenge han hang anar eg ikkje, for eg turde nemleg ikkje snu meg, i frykt for å bryte ut av mitt eige univers av musikk på mitt medbragte anlegg. Eg veit, det rimer ikkje, for eg snakka etterkvart nokså mykje, med ganske mange. Kanskje eg berre var trøtt.

På skaret,starten på halve distansen var det liv og røre og kjentfolk, og eg hadde ingen problem med å snikksnakke litt, og spurte litt for folkemengden. Etterkvart klarna det godt opp, og eg må seie eg tykte det var rimeleg fint å springe rundt der, i merka løype, og sleppe å tenke og ta vegvalg, berre luske seg avgårde, smile og vinke litt til bekjente løypevakter og fylle saft på saftstasjonane. Etterkvart kom både den eine og den andre passerande. Og opp siste stigning begynte det rett og slett å komme ganske mange av desse halvdistansefolka. Litt kjekt, litt kjipt. Men det gjekk fortsatt greit nok. Men då det så flata ut, i ei falsk stiflate, var det lite futt og hente, og eg putra bortover den falske flata, med små, få forsøk på å få opp farten, for om ikkje anna å komme litt før i mål. Men flatt blei heldigvis etterkvart til nedover, og der tok eg att, Håkon, som eg såg på som ein av mine kumpaner i her, ein anna syklist! Han hadde fått det tungt, og eg mistenker, mest sannsynleg med rette, at mykje av grunnen var at han blei passert av så mange,middelmådige løparar, som han til da hadde trudd starta på heile distansen kl. 9. Begge fekk det (kanskje) litt lettare av å treffes, og vi fekk eit par fine kilometer ilag, med latter og sang.

Men altså, til ditt forsvar Håkon, eg hadde og hatt det værre om eg hadde vore i sykkelform. Som Trygve Sande sa, slitte, men nye joggesko på min fot, er eit slags formbarometer. Slitte joggesko=dårlig form. Etter 5 timar og 47 min. så kom eg meg i mål. Overraskande ok i føtene. Litt gåen i mine dårlege hælar, og litt halvslakk i knea. Men foruten stiv korsrygg og litt vond akilles så var det lite å klage over.

Ellers så har eg vore litt til fjells, sykla halvparten så langt og lenge som eg vil. Og så har eg flytta til Sogndal for ein månad. Og planlagt og bestilt sesongoppkjøring på Grandisen i november. Hipp hurra og hadebra!

Leave a Reply