Skaidi Xtreme : Vær skapar folk?

with Ingen kommentarer

Det er iallefall ikkje klær som gjer at denne gjengen er så utruleg bra. Ikkje for det, dei er godt kledd altså. For all del.

Dårleg vær, skapar bra folk? Utan å samtidig påstå det motsatte. Kva som gjer at denne gjengen, har klart å få til noko som er så gjennomført bra, er eg litt usikker på. Det som er sikkert er at det er ein dedikert gjeng, som klarer noko ingen andre ritt får til i Noreg. Og det dei får til, tykkjer eg alle bør få med seg.

Eg blei oppringt i vinter, av eit tvers igjennom genuint entusiastisk menneske. Odd Peder Wang-Norderud her, sa han. Om eg ville være med på Skaidixtreme i september? Det ville eg jo.

Og etter noko som ikkje eigentleg har vore ein sesong, sette eg meg på flyet til Alta forrige onsdag. Mine siste flyturar har vore med både ski, sykkel, rulle og tilbehør, så ein tur med ein trillebag og ein ekstremt velfungerande sykkeltrillebag var svært behageleg utfart. Kan nevnast at hverken Molde eller Alta har store område å forsere. Alta glir rett inn i mi liste over favoritt-flyplassar. Hakk i hel på Molde.20160831_085207

På forhånd visste eg lite om kva som venta der oppe. Anna enn at eg skulle hentast av ein som heite Per Kåre, eller kona. Og bu hos Øyvind. Folk som i følge rykta, sett ut av Odd Peder, skulle være hhv. «den beste mannen i Alta» og «den kuleste vi har». Det viste seg at det var godt hold i rykta.

Vel framme i hammerfest, etter eit bil og sjåførbytte i Skaidi fekk eg ein liten jogg på «tjuven», før middagsservering med nydeleg mat, godt øl, og upåklageleg utsikt over Hammerfest, hugsar ikkje litt kva det heite, men flott var det. Urbant.img_20160831_221927

Torsdag skulle være den store fiskedagen. Med avreise frå Hammerfest kl. 08.00 på fergå Mårøy, som og serverte frokost på veg ut til Seiland. Der ute fekk vi fiskestang i handa og flytedress, og gjekk i mindre båtar. Fisking er jo ein av dei tidlegare nevnte tiltak for å friskne til, så dette gledde eg meg jo til. Utan å være ein veldig dedikert fiskar, så har eg likevel drege iland litt vanleg fisk før. Så mitt store håp var å få ei kveite, helst av noko størrelse. Draumen brast vel allerede på veg til båten, då ho som var kaptein i vår båt, sa at, det ikkje var sesong for det no, men det gjekk an å få, om eg hadde hatt haill. Vi fekk nøye oss med sei. Dessverre fekk vi hverken mest eller størst fisk, så vi vann ingen konkuranse på fiskefronten. Satsar på meir haill til neste år. Vel iland att blei det servert heilstekt lam og alt av tilbehør, ved butikken, som hadde utvida åpningstid i anledning dagen. Vi avslutta turen med eit aldri så lite motorhavari med Mårøy. Frank Rune Isaksen i frikant har laga ein video, som syner ca. akkurat kor fint det var. https://vimeo.com/181113474 Finnmark er faktisk like fint som Nordvesten. Og det seier ikkje så reint lite.

VIRB Picture

Vel iland for vi avgårde til Skaidi. Ein plass min lillebror meinte var ein ampingplass. Noko som forøvrig og stemmer, men det var bittelitt meir enn det og. Det er og butikk og hotell, ein drøss med hytter. Og aldeles nydeleg sykkellandskap. 20160902_112944Den kloppejobben de har lagt ned i denne løypa er iallefall av ein anna verden sett med søringblikk! Eg var så heldig å få bli med Lars Ragnar ut, som har vore fast inventar på nesten alle utgavene av SkaidiXtreme, og var tålelig kjent i området.

Laurdagen opprant med klårver, og når starten ikkje gjekk før 11.30 var det ikkje værre enn at ein godt kunne starte utan lange bein. Etter ein heilt mongo sesong hadde eg ingen illusjonar om at under skulle ha skjedd, sjølv om eg har følt meg markant bedre sidan torsdagskveld. Sjølv den ikkje så altfor harde starten, føltes hard, og eg sleppte meg raskt neppå. Då Øyvind kom smettande framom meg i første utforkjøring blei eg dritgira, då var vi to. Eg såg føre meg eitt ritt der eg kunne dra, i den grad det går an der, på flata og motbakkane, og ha eit bra hjul å følge nedover. Akkurat det eg treng, no når eg likevel er så lat, tenkte eg. Men Øyvind fekk noko som kallast hammarn, og måtte hente seg ytterlegare inn. Løpet var forsåvidt kjørt etter første runde, så eg la meg ikkje heilt i selen heile rittet, i frykt for at det skulle føre med seg meir drit enn bra. Men eg er alt i alt nøgd med 2. plass, og ingen tegn til hoven hals i etterkant .https://vimeo.com/181412910 Filmavis frå rittet av Frank Rune Isaksen. Så var det bankett. Og eg vann. Eller, iallefall podiumsplass.

20160904_01552520160904_015212

Skaidi titulerer seg med «a different experience». Og det er det. Ikkje berre på grunn av det ein får oppleve, og dei ein opplever å bli kjent med, men også på grunn av det ein slepp å oppleve. Å slippe å stå å svette i leigebilkø, å sleppe å sitte å samanlikne hotell, airbnb, bobil eller telt, sjekke bussar, komme seg innom bensinstasjonar for å vaske sykkel og planlegge middagen. «What doesnt kill you makes you stronger» har ikkje alltid like mykje hold. Neida, det drep meg ikkje, men eg blei jaggu ikkje sterkare heller, berre svettare, leiare, fattigare, og kanskje får du ein god forkjølelse på kjøpet.

Det er fleir som har spurt meg etter eg kom heim, om SkaidiXtreme er ekstremt. Og det er det. Det er ekstremt trivelig, ekstremt kjekke folk og ekstremt fint. Og så er det ei litt tung og kjekk, men veldig sykkelbar løype.

Det er faktisk så kjekt, at om eg, mot alle odds skulle begynt å sykla fatbike, så er det eine og aleine for å sykle Skaidi Fatbike. Og eg bruker ikkje å være spesielt sleivkjefta med skryt. Ei heller no.

Leave a Reply