Broken, but not dead.

with Ingen kommentarer

Det var vel berre eit spørsmål om tid, når det skulle skje. Ein sesong med sjukdom. Eg ser det no, eg kan forklare det no, og forhåpentligvis kan eg forhindre at det skjer igjen. No.

Eg har forskjøvet mål i hytt og gevær. Eg har trent alternativt, roleg, og kjedeleg. Vore med legen i tide og utide. Utan å finne noko alvorleg. Det er altså hverken kreft eller aids. Men etter fjorårets to mageinfeksjonar, som begge tok masse tid og krefter, så hadde imunnforsvaret fått seg ein kraftig knekk.Og med eit lite utvalg av meir eller mindre (mest mindre, likar eg å tru) bedritne skavankar som har sneke seg på over tid, så blei cocktailen ei hard nøtt. For hard.

Og då eg så begynte å trene hardt og konkurere i februar, så blei eg sjuk. Og når eg trudde eg var frisk, og trente og konkurerte att, så blei eg sjuk. Og slik har det gått, slag i slag. Etter ein mnd. sjukdom i Tyskland og Belgia, med snø og regn i fleng i april, var det berre å reise heim att, med uforretta sak. Fortsatt trudde eg at eg skulle komme meg, med litt kvile og roleg oppkjøring, men det blei berre til nye virusinfeksjonar. I god tru har eg flytta mål utover sesongen, frå EM til VM, til NM til Birken.. til å skjønne at løpet var kjørt. Eg har vore med på litt ting og tang her heime, utan at det var nevneverdig smart.

Noko har jo vore kjekt og. Eg kan nevne at sjølv med ein skrullete kropp, så gav http://www.fxtri.no meirsmak, trass i at det var første gong eg svømte med slik drakt, og andre gong på tre år på temposykkelen, og at eg braut etter 6-7 km løp. Det er heilt klart ein del forbedringspotensial, men eg kan faktisk ikkje nekte for at eg fortsatt blir litt gira når eg kjenner lukta av neopren. Når, og viss, eg blir gamal, skal jammen meg eg og bli ein slik. Ein triatlet.

Ellers, så har eg spelt masse på pantelotteriet. Utan hell. I det heile tatt. Litt skrapelodd og, også utan nevneverdig hell.

Eg har fått masse gode råd for å bli frisk, både frå gud og kvarmann. Favorittane blandt «mannen i gata» er husmaling, penklipp/luking, som trass min allergi omtales som terapi, fisking, spa, sydenferie.. osv. Utover nokon få fisketurar har eg ærleg talt ikkje teke veldig godt tak i desse gode aktivitetene. Når nokon har spurt om forma, har eg kvar gong svart: Ja, eg er iallefall bedre no. Utan at det har vore mykje sannhet bak utsagnet.

MEN, no er eg faktisk bedre. Det var meint som ein spøk, då eg på veg til Hammerfest og Skaidixtreme sa at, kanskje litt nordnorsk luft skulle hjelpe, men, for å være ærleg, så har eg fader meg vore symptomfri frå torsdagskveld. Opplevelsen har meir enn kvalifisert til eitt eige skriv. I bloggformat. Forma er fortsatt uvanleg dårleg, sjølvsagt, og eg bør vel være litt forsiktig ei lita stund til.

Uansett, så har eg hatt god tid til å tenke på neste sesong. Min sesong.

Leave a Reply