Sesongavslutning og sesongstart

with Ingen kommentarer

1.Påskedag kl. 05.30: Det er orkan i kasta, mørkt, og altfor tidlig. Men skal ein rekke Kielferga kl. 14.00, med oppmøte minst to timar før, er det berre å komme seg avgarde. Startskuddet går på Hoelsanden. Ikkje den mest vindstille plassen, og det har vore rimeleg vanskeleg å få sove noko før avreise. Det er tre syklar på taket, i forskjellig kategori. Baksetet er slått ned, for å få plass til ski, tilbehør, verktøy, dekk og bekledning. Mat har eg og rikeleg av, nødvendig for ein sart mage som min

Dagslyset avslører ei rimeleg lang sprekke i frontruta, påført av nattas storm. Lite å gjere med det ein helligdag, på veg til utlandet. På venabygdsfjellet møter eg stengt bom. Ny vurdering kl. 12.00 seier dei på vegvesenet. Det er berre å snu å ta østerdalen ned. Like greit, for det er så glatt, at eg lærer vegvesenets telefonvakt opptil fleire nye stygge ord, mens eg glir ned att bakken, nesten i autovernet. Han tek det med godt humør, og meiner eg kjem til å rekke ferga med god margin. Eg nevner ikkje at eg og skal innom Gardermoen, for å hente ein god samaritan frå Bergen for den lange ferge og bilturen. Men vi rekk det med, så utruleg god margin, at eg føler at eg kan forsvare min trang til alltid å beregne ganske akkurat med tid. Minst to timar i fergekøa er sjølvsagt berre tull og tøys og pølsevev.

Vel inne på ferga har vi ein innvortes lugar. Ikkje eit snev av dagslys kjem inn i den vesle bunkersen. Rimeleg trøtt etter ei søvnlaus natt, og utmattande biltur, blir stort sett dagen og kvelden brukt til sengs. Det finst både det eine og andre fritidstilbudet på båten. Vi nyttar oss ikkje av eitt einaste eitt. Middag/kvelds blir fortært til sengs. Knekkebrød, egg og røkelaks, med portvin til.

Neste dag er vi ein trekant av kvalitetstid. Subaruen, Eg og Bergensaren. An der autobahn. Subaruen trivast bedre enn Meg og Bergensaren. Fornøyd med å sleppe å kjøre størsteparten av turen, sett eg meg i førarsetet først når det er ein drøy time att. 20 min før vi kjem fram til Kirzarten kor vi skal sove, og eg skal sleppe av syklane, kjem det eit skarpt raudt lys. Freiburg har nattefartsgrense på 30, ikkje 50 som på dagen. Eg hadde vorte knipsa om det var på dagen og.

Onsdag får vi oss ein liten sykkeltur og kjører ikkje ein meter i bil, før Bergensaren må heim att, natt til torsdag. Heldivis slepp eg unna med å svippe han inn på buss-stasjonen i 4 tida. Etter nokre timar til på auget, går turen til Geneve for å hente mi Lagvenninne i Tour du rutor, Malene, som ikkje har fått bagasjen sin. Turen dit går med til å ringe og skrive meldingar for å skaffe utstyr til Malene. Ikkje noko eg vil anbefale til hverken utrente eller trente mobilbrukarar. Bagasjen som forhåpentlegvis skulle komme i løpet av morgonen viser seg ikkje, og vi blir nøydd til å reise utan. I Chamonix blir det ein ufrivillig shoppestopp. Malene treng ny truse. Og ein heil del anna. Ski og sko får vi låne frå Alba de Silvstro, skimoutaneeringens eigne Anna Kournikova. Bortsett frå at Alba er nokså god. Arrangøren stiller med ein del anna stash, og vips, etter mange timars stress, er alt i boks. Sjølv får eg låne innersko, etter ein fadese i fjøra i Loen, av Laetitia Roux, skimoens Marit Bjørgen. Ein sylslank og korthåra variant. Ho vinn alt. Vi får hjelp av dei aller beste i sirkuset, utan at det smittar oss nevneverdig med ferdigheter. Vi kjem oss etterkvart på plass på hotellet, langt oppe i ein Italiensk dal. Utruleg fint seiast det, men tåka ligg lågt, og vi sjølv om vi ikkje veit det enda, skal vi aldri få sjå korleis utsikta i Valgriesenche eigentleg er.

Rennet varer frå 1-3. april, og store deler foregår i høgda. Altså noko vi ikkje har trent på, på lenge. Men eg håpar at det skal gå an å lure kroppen i dei tre dagane det varer. Det viser seg at eg er kaputt etter ein dag.

Første dag er eg, om ikkje i slag, etter fire dagar på reis, heller ikkje heilt skutt. Malene derimot har ein tung dag på lånt utstyr. Eg går foran i strikken i drøye 2000 hm. Om det er det, eller høgda som straffar meg dei to neste dagane er umuleg å seie, men det straffar seg iallefall. På hotellet strekker dei seg langt for å oppfylle mine matallegiske kriterier, og eg får ordne frokosten sjølv. Språkproblem og meir folk enn vanleg der, gjer at lunsj og middag tek urimeleg lang tid, i våre Norske auge og magar. Men det har vi vel berre godt av.

Dag to har vi ei plan om å være tidlegare ute i starten, noko vi lykkast med. Raskare enn dagen før, men likevel litt for treige. Om ein skal gjere det bra her, er det alfa omega med ein god start. Eg er den minst piffe av oss på dei to første stigningane, men vi tek ikkje fram strikken. I nedkjøringane har vi ei plan om at Malene skal ligge i rævva på meg, og på den måten skal vi komme oss fortast mulig ned. Eg er heldig med at eg får meir pause i nedkjøringane enn frøken Haukøy, og føler forsåvidt at eg treng pausane. Sjølv om pulsen ligg å vakar mellom sone 1 og 2, vil ikkje føtene flytte seg noko raskare. Eg prøver med alle slags motiverande tankerekker, men glir raskt tilbake til logistikk, tanken på dusjen, eller kanskje det badekaret eg har sett på eitt anna bad i gangen på hotellet? Viss eg spør fint kan eg kanskje få lurt meg til eitt bad. På høgaste punktet går vi over ein rygg, i kø. Det er kald vind, og begge har rimeleg dårleg finmotorikk når vi tek av fellene for å kjøre ned att. Vi får i løpet av neste stigning i oss varmen att. Mine feller klabbar, og det blir mange glipptak når ikkje stålkantane tek i bakken. Etter ei hårete nedkjøring der Malene ikkje får låst skoen, og ei flat og litt for lang oppstiging kjem vi oss i mål. Skøytande på slusj. Det svuppar i skoa når vi traskar mot bilen etter å ha forsynt oss grovt på serveringsbordet. Tilbake på hotellet blir det ikkje noko varmt bad i badekaret, men ein kald svipptur nedi ei fontene i utkanten av landsbyen.

Beina er ikkje lettare på dag 3, og siste etappe. Vi startar med ein km løp på asfalt og laus snø. Det gjer alt anna enn underverk for mine bein. Malene er lettare på labben, og det er ingen mulighet til å være samla i kaoset av løpande bein, stavar, og ski dinglande på sekken. Ho er raskare ute av første byttesone, og det er ingen grunn til at ho skal vente meg inn. Kvar gong ho snur seg ropar eg at ho berre skal gå, for det er ingen grunn til at begge skal bruke krefter på å passere dei eg brukar å omtale som Mann 40-50. Ikkje for det. Dei omringar oss begge, og det er nokså tydeleg at dei åpna alle sluser på siste etappe, til forskjell frå dei to førre dagane, då det var ei slags køordning. Mann 40-50 her i mellomeuropa står ikkje tilbake for dei vi har i Norden. Dei gjev alt. Forskjellen denne dagen er kanskje at vi er såpass langt bak, at dei vi går med ikkje er så seriøse som dei eg ofte møter i sykkelritt. Vi slår av nokon hyggelege fraser, og eg får tidvis eit skubb i rompa på bratte ski-på-sekk parti med lange steg. Eit stykke nedanfor høyrer eg stadig eit lag som har valgt å kommunisere via måkeskrik framfor navn. Eg har lagt merke til desse karane tidlegare, og har liten forståelse for valget. Dei om det, men eg let meg irritere. Sikten glimrar med sitt fråvær, og løypa blir korta ned. Meir enn først antatt. Vi prøver oss med strikken i andre stigning, men det har ikkje store effekten, og vi kjem fram til at Malene heller skal prøve å få eit forsprang før siste nedkjøring, som skal være 1800 hm. I starten på nedkjøringa er sikten omtrent 5-6 meter, og det er nesten flaks at eg får auge på den vesle raudkledde skikkelsen i nedkjøringa. Eg ropar som vanleg høglytt, for at ho skal følge på, og ho bit seg fast, som ein nater klegg. Føret er eigentleg nokså bra. Mjuk pukkelpist kan være ganske kjekt, kanskje litt ekstra stas når det er siste nedkjøring, og det ikkje er noko å spare på. Før målgang får vi tak i kvarandre sine hender, og kan kjøre hånd i hånd over streken. Ikkje fordi nokon eigentleg ser det, men det gjev ein god følelse likevel, å fullføre rennet med dei klissblaute små hanskekledde hendene våre hekta saman. Trass i lite sikt og hardt slit, så er det jo faktisk dette vi kom for. Høgdemeter, slit, kjekke folk, rare dressar fulle av blaute feller, mektige fjell, glade folk og gode venner. Vi har lært mykje om oss sjølv, og kanskje enda meir om kvarandre. Vi avsluttar med det eg vil seie er standard lunsj på slike arrangement. Masse mat eg ikkje kan ete, litt eg kan ete, og ei flaske frizzante.

Eg har fått ein passasjer til i bilen. Ein amerikanar, som visstnok er rimeleg god på fjell, og som ønsker meg velkommen til å sove på sofaen til hans gode vener i Chamonix. Han er noko vi har lite av i distriktsnoreg; ein gentleman. Eg takkar ja, og får meg ein liten fottur før eg set meg i bilen, med kurs mot Tyskland og Freiburg att på mandag. Som vanleg med klump i magen, over å forlate fjella der. Som vanleg føler eg meg meir innesperra i åpne landskap. Dessutan roter eg meg vekk. Men no er det visst berre å trø, så får ein tåle nokon ekstra mil no og da.

 

Leave a Reply