Høgdeopphold på kunst,fokk og slusj. Knapt.

with Ingen kommentarer

Jul og nyttår er over. For lengst. Det har vore både sykkel og skiføre i Noreg. Det har vore flotte turar og treninger og feiringar. Iskaldt og, om ikkje glovarmt, så iallefall varmt. For andre gong på tre år sykla eg landeveg utan å bli blaut eller kald på julaftan. For første gong på ganske lenge har eg forfrøse føtene dagleg i ei veke, og vore på Togga og inni omnane annakvar dag. For aller første gong har eg vore på 40-årsdag i ein låve med 13 minus. Det har med andre ord vore utruleg begivenhetsrikt så langt i vinter.

Eg, og vi er på plass i Gressoney for ein god treningsperiode før EM på Rando. Tre stk. bleike Nordmenn kjører frå Milano i ein stappfull citroen picasso. Skibaggar,sykkelbag, alt innan bag og sekk, i ein og samme bil. Halvparten og vel så det er sjølvsagt mitt. 159 cm. høg, 59 kg kjøtt, flesk og bein. 64 kg. bagasje. I totalen blir det jamna ut. Sjølv om eg relativt sett er den desidert tyngste. så er eg og den aller kortaste av oss. Treng jo så liten beinplass. Fullstendig ute av stand til å legge att dei breie skia, i tilfelle det skulle bli godt føre. Det har det ikkje vorte. Og dei første dagane var det ein stor og hard kamel å svelge, å være her, utan utsikter til påfyll. Hjertet mitt blei berre tyngre å tyngre, dess fleire idiotar som på død og liv skulle sende meg snaps, og stolt oppdatere sine spreke instakontoer, med pudder til alt på p. Eg, som har heimlengsel nesten uansett vær og føre. Byrden blei ikkje lettare av at mor på død og liv skulle sende melding kvar dag om at det var bra eg ikkje var heime, fordi det var skredfarlig. Og at det er tungt å måke taket, og at vegen skulle vore brøyta, og at det er uansett er så mykje snø at ho ikkje får gått på ski. At eg har presisert at det ikkje gjer livet noko spesielt mykje lettare, har hatt liten effekt på meldingsstraumen. Det har derimot det dårlege nettet.

Men det er utruleg kva som kan skje. Og dei små skia har atter ein gong vakse på meg. Og sola. Etter nokre dagar med sterk vind og ei veke med litt for låge temraturar har det vorte mildt. Mildt nok til å komme opp frå parkeringskjellaren utan kjettingar. Det har sine gode sider mildværet. Også i skisamanheng. Påskeføre kan være fint heile året det. Ein må berre skru på Påskeknappen.

Det ligg eigentleg ikkje høgt nok, og det er langt frå nok snø. Men det er trening. Og det er sol. Det blir timar og høgdemeter. Og silsvette timar i trappeoppgangen på rulla.

For å drive med skialpinisme, den lettaste varianten, er det viktig å være flink i handarbeid. Sying og tekstil, så vel som vedlikehald og reparasjon av hardware. Så om du trudde korssting ikkje kom til å gje deg noko framgang her i livet, må du altså tru om at. Eg er iallefall litt ulykkeleg for at mine korssting er ganske bedritne.

Å trene i høgda blir sagt å være tungt. Ein sannhet med modifikasjonar. For du kan trene så mykje roleg. Og det finst ikkje vanskeleg å trene roleg. Dette ligg altså så lett for meg. Det er berre å ta på seg skia, og ikkje gå fort. Men etter x antal rolege økter, så må ein rett og slett til pers for ei skikkeleg økt eller to.

I løpet av øktene hører eg rykte om både sone 4 og 5(?!) mens eg sjølv har nok med å presse meg opp i sone 3, og er fornøyd i høg sone 3. Eg kan ta min harde start utan problemer, men etter 30 sek. har eg lite å spele på. Til og med om eg kjører roleg start. Og når eg så kjem til ski på sekk, så stokkar det seg heilt. For da må eg faktisk springe, ein fot foran den andre, osv.. Då kjem ho. Unge,vetle frøken Haukøy, som forresten er akkurat like høg som meg, berre 8-10 kg. lettare, med 5 cm meir føt, og som mest av alt, kan springe. Då åler ho seg forbi, med sin smale stjert. Og eg prøver å herme. Hermar og hermar heilt til eg kan få på meg skia att. Det er med andre ein veg att å gå.. evt. springe

Nytt av året er det at selfistick er i ferd med å bli obligatorisk utstyr. Det foreløbig ikkje innført noko reglar kring det, men jo lenger, jo bedre er den foreløbige normen. Meir info kjem.

 

Leave a Reply