Forvandlinga er igang

with Ingen kommentarer

Like sikkert som at rumpetroll skal bli til frosk, er det at syklistar, igjen skal bli til syklistar i november. Så også eg. Kva ein bruker oktober til, er vel relativt individuelt, men for min del har det vorte ein heil del fjellturar og stisykling, i tillegg til anna alterativ trening og styrke. Været har nesten vore for bra, til å kvile, men hovudet har iallefall fått andre utsikter og tankar.

Mi forvandling starta ikkje for fullt før forrige søndag, med brakstart på landevegen på GC. Billetten blei bestilt 12 timar før avreise, og sidan eg ikkje tenkte meg godt nok om blei det berre ei veke denne gongen. Mi plan var at det skulle være full vinter når eg kom att, men det gjekk ikkje heilt etter plan det. 3 grader, og ein liten yr i lufta blir det ikkje mykje skiføre av. Då eg såg denne veka som ufatteleg lite givande, avtalte eg å teste o2, allerede i morgon, sånn for å få det overstått, og for å ha mitt på det tørre, når det gjeld å ha gjort noko nyttig denne veka.

Atter ein gong kjem eg med ein apell til Nordisk Mann 45-65 år: Når du leiger deg bil på Gran Canaria, og tek med kona/elskerinna opp i fjella for å imponere med kjøreskills og bratte fjell, så er det IKKJE turn-on å gasse på i dei sparsomme rettstrekka nedover, for å på død og liv, ikkje få ein syklist foran i svingane. Du har ikkje litt sjans til å kjøre fortare. IKKJE BITTELITT ein gong. Det er sjølvsagt fullt forståeleg at du og heller ville kjørt ned der på sykkel, men SKJERP DEG. Du kjem lett forbi i motbakken. Det er forøvrig like mange motbakkar der, som nedoverbakkar. Om no dette skulle treffe andre lesarar enn den smale stripa av syklistar, mosjonistar, og skialpinistar, så må eg få seie at det ikkje er ei oppfordring til debatt, men ei oppfordring til å oppføre seg i trafikken. Lær av spanjolane. Dei grisekjører ikkje, det gjer du.

Dei siste åra har eg skjønt at eg har ein kronisk sjukdom. Det kallast værsjuke, og eg er sterkt ramma. Eller, i mitt tilfelle er det kanskje meir føresjuke. Dei siste dagane har vore spesielt tunge, og livet mitt er nesten i ferd med å rakne fullstendig. Men så, ut av det blå, (bokstavlig talt på denne tida av året) Kjem det nedbør, og børa blir med eit trylleslag lettare å bære. Planer blir lagt, ski blir preppa, til og med regningar blir betalt som følge av den påfølgande optimismen. Så no er det berre å krysse det som kryssast kan, for her trengs skippartak både på den eine og den andre fronten, og det kan virke som det berre er lavtrykksfronten og nordvesten som kan få skikk på det heile. Det hadde vel ikkje vore heilt idioti å fått nokon timar på ski heller, før NorgesCup 12-13 desember.

Leave a Reply